NK 558-559

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NK 558-559 er frimerka som vart utgjevne 31. oktober 1964 for å minnest hundreårsdagen for etableringa av den norske folkehøgskolen. Frimerka har den nynorske namneforma Noreg, og teksten DEN NORSKE FOLKEHØGSKOLEN 1864 1964. Desse frimerka er einsfarga og viser eit dobbeltportrett av skolestiftarane Herman Anker og Olaus Arvesen. Frimerka er utforma av Knut Løkke-Sørensen.

  • NK558 50 øre lillaraud (opplag: 2 378 500)
  • NK559 90 øre matt fiolettblå (opplag: 1 663 500)

Det raude frimerket hadde ein verdi høvde for vanleg brevpost innanfor Norden, medan det blåfilette frimerket hadde ein verdi som høvde for vanlege brev til andre land i Europa.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]