NM i skiskyting 1961

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i skiskyting 1961, den tredje i rekka, vart avvikla sundag 12. februar 1961 på Hønefoss i Buskerud. Meisterskapen omfatta ei einaste øving, 20 km langrenn med fire innlagde skytingar à fem skot, to i liggande og to i ståande stilling.

Ved eit mistak etter rennet vart Erling Bjørn kåra til vinnar, framfor Håkon Brusveen. Mistaket vart rapportert Norges Idrettsforbund som i møte laurdag 18. februar omgjorde meisterkåringa og offentleggjorde endeleg resultatliste.

20 km[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Tid Treff
Gull Magnar Ingebrigtsli HV 12 1.41.01 17
Sølv Per Westgård Hernes 1.42.16 17
Bronse Olav Jordet Tolga 1.42.24 16
4. Oddbjørn Skolegården Våler 1.43.33 16
5. Erling Bjørn Alvdal 1.45.27 14
6. Jon Istad Voss 1.45.34 15

Stad: Hønefoss

Kjelder[endre | endre wikiteksten]