Erling Bjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Bjørn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. januar 1931
Alvdal
Død

29. mai 2015 (84 år)
Alvdal

Idrett langrenn, skiskyting

Erling Bjørn (17. januar 193129. mai 2015) var ein norsk langrennsløpar frå Alvdal. Han vart noregsmeister på femmila i 1956 og vann i alt fire NM-medaljar i tida mellom 1955 og 1959, alle på 50-kilometeren.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bjørn gjekk i 1955 inn til sølvmedalje på femmila, slått av Martin Stokken med over tre minuttar, sjølv hadde Bjørn over ni minuttar betre tid enn tredjemann. Året etter, i sin beste sesong, vart han norsk meister på femmila. Han gjekk mål på tida 3.22.13 og var over tre-og-eit-halvt minutt føre sølvmannen Sverre Stensheim. Bjørn gjekk også sitt beste løp i Holmenkollen i same OL-sesongen, og vart nummer tre, vel eitt minutt bakom Hallgeir Brenden på andreplass, men over seks minutt bakom vinnaren Arvo Viitanen frå Finland. Sidan vann Bjørn ein bronsemedalje på NM-femmila i 1957, nøyaktig minuttet bak vinnaren Kristen Kvello. I 1959 avslutta Bjørn si tid som aktiv på nasjonalt toppnivå med eit NM-sølv på 50 km, i kring to-og-eit-halvt minutt bak noregsmeisteren Oddmund Jensen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Besteplasseringar i Holmenkollrenna[endre | endre wikiteksten]

  • 1954: Nr 7 på 50 km i Holmenkollen
  • 1955: Nr 9 på 50 km i Holmenkollen
  • 1956: Nr 3 på 50 km i Holmenkollen
  • 1959: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957.
  • Sportsrevy, aktuelle årgangar.