Nahal-busetjing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nahal-busetjingar (hebraisk היאחזות נח"ל, Hiahzut Nahal) var busetjingar grunnlagde av Nahal-soldatar i Israel og israelskokkuperte territorium. Hovudfokuset til militærbrigaden Nahal var å støtte veksten til jødiske busetjingar gjennom Israel. Målet til kvar Nahal-busetjing var å bli ei sivil busetjing. Denne metoden for å starte nye busetjingar på, var særleg effektig i mindre tiltrekkjande område (særleg i Negev, Galilea, Arabah, og etter seksdagarskrigen Vestbreidda, Gazastripa, Golanhøgdene og Sinaihalvøya).

Den første Nahal-busetjinga var Nahal Oz nordvest i Negevørkenen, nær grensa til Gazastripa.

Fleire tidlegare Nahal-busetjingar er i dag 100 % sivile. Mange av dagens kibbutzim var opphavleg Nahal-busetjingar. Den siste Nahal-busetjinga vart stengd i 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]