Gazastripa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Gaza» omdirigerer hit. For byen, sjå Gaza by.
Gazastripa
region
Land Mal:Landdata Palestina, Den sameinte arabiske republikken, Israels okkuperte områder, Det palestinske området, occupation of the Gaza Strip by the United Arab Republic
Del av Dei palestinske territoria
Koordinatar 31°25′N 34°20′E
Areal 365 km²
Folketal 2 098 389 (2023)[1]
Kart
Gazastripa
31°27′ N 34°24′ E
Gazastripa og våpenkvilelinja fra 1950
Gazastripa og våpenkvilelinja fra 1950
Gazastripa og våpenkvilelinja fra 1950
Wikimedia Commons: Gaza Strip
Gazastripa, med israelsk-kontrollerte grenser og avgrensa fiskesone.
Sentrum av Gaza, 2012.

Gazastripa (arabisk قطاع غزة Qiṭāʿ Ġazzah), eller berre Gaza, er eit sjølvstyrt område på austkysten av Middelhavet med ei 11 km lang grense til Egypt i sørvest og ei 51 km lang grense mot Israel i aust og nord. Sidan 2007 har Gazastripa i røynda vore styrt av Hamas, ein palestinsk fraksjon som hevdar å vere rettmessige representantar for Dei palestinske sjølvstyresmaktene og det palestinske folket. I 2012 anerkjente Dei sameinte nasjonane Gazastripa som ein del av Staten Palestina. Eit felles styre vart eidfesta den 2. juni 2014.[2]

Sunnimuslimar utgjer den største delen av den palestinske folkesetnaden på Gazastripa, som har ein årleg folkevekst på 3,01%, den 9. høgaste i verda.[3] Området er 41 km langt, og frå 6 til 12 km breitt, med ei samla flatevidd på 365 kvadratkilometer.[4] I 2014 var folketalet på Gazastripa kring 1,82 million innbyggjarar.[3]

Gazastripa oppnådde den nordlege og austlege grensa då kampane slutta etter krigen i 1948, og dette vart stadfesta i den egyptisk-israelske våpenkvileavtalen den 24. februar 1949.[5] Artikkel V i avtalen erklærte at grenselinja ikkje var ei landegrense. Først vart Gazastripa offisielt administrert av All-Palestina-styret, som vart grunnlagd av Den arabiske ligaen i september 1948. All-Palestina på Gazastripa vart styrt av dei militære styresmaktene i Egypt, og fungerte som ein marionettstat, fram til området offisielt vart slått saman med Den sameinte arabiske republikken og oppløyst i 1959. Frå tida etter det all-palestinske styret vart oppløyst og fram til 1967, vart Gazastripa direkte administrert av ein egyptisk militærguvernør. Israel erobra Gazastripa frå Egypt i seksdagarskrigen i 1967. I høve Osloavtalen, som vart signert i 1993, vart Den palestinske sjølvstyresmakta forvaltingsorganet som styrte dei palestinske folkesentra, medan Israel hadde kontroll over luftrom, territorialfarvatn og grenseovergangar, utanom landgrensa mot Egypt. I 2005 trekte Israel seg ut frå Gazastripa. Sidan juli 2007, etter det palestinske valet i 2006 og Hamas tok over i 2007, har Hamas i røynda hatt makta på Gazastripa, og danna ei alternativ Hamas-regjering i Gaza. Staten Palestina gjer krav på Gazastripa, men forsoningssamtalar med Hamas har så langt ikkje ført fram.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Britisk styre (1923–1948)[endre | endre wikiteksten]

Gaza krigsgravplass.

Palestinamandatet var basert på prinsipp frå Paragraf 22 frå Folkeforbundavtalen og San Remo-resolusjonen frå 25. april 1920 av dei viktigaste allierte etter den første verdskrigen.[6] Mandatet formaliserte britisk styre i den sørlege delen av Osmansk Syria frå 1923 til 1948.

All-Palestina-styret[endre | endre wikiteksten]

Den 22. september 1948, mot slutten av den arabisk-israelske krigen i 1948, vart All-Palestina-styret oppretta av Den arabiske ligaen i Gaza by, som då var okkupert av Egypt. Det var delvis eit forsøk frå Den arabiske ligaen på å avgrense makta til Transjordan i Palestina. Det all-palestinske styret vart raskt anerkjent av seks av då sju medlemmar av Den arabiske ligaen: Egypt, Syria, Libanon, Irak, Saudi-Arabia og Jemen, men ikkje av Transjordan.[7] Det vart heller ikkje anerkjent av noko land utafor Den arabiske ligaen.

Etter kampane opphøyrte, oppretta våpenkvileavtalen mellom Egypt og Israel den 24. februar 1949 ei separasjonslinje mellom egyptiske og israelske styrkar, og oppretta det som vart dagens grense mellom Gazastripa og Israel. Begge sider erklærte at grensa ikkje var ei landegrense. Den sørlege grensa med Egypt fortsette å vere ei landegrense, slik han hadde vore det sidan 1906 mellom Det osmanske riket og Det britiske imperiet.[8]

Palestinarar som budde på Gazastripa eller Egypt fekk alle all-palestinske pass. Egypt tilbaud dei ikkje borgarskap. Frå slutten av 1949 fekk dei hjelp direkte frå UNRWA. Under Suezkrisa i november 1956, vart Gazastripa og Sinaihalvøya okkuperte av israelske soldatar, som trekte seg attende etter internasjonalt press. Regjeringa vart skulda for å berre vere ei fasade for egyptisk kontroll, med lite sjølvstendig makt. Regjeringa flytta så til Kairo og vart oppløyst i 1959 av ein resolusjon frå den egyptiske presidenten Gamal Abdul Nasser.

Egyptisk okkupasjon (1959–1967)[endre | endre wikiteksten]

Che Guevara vitjar Gaza i 1959.
Gaza i 2003.

Etter oppløysinga av den all-palestinske regjeringa i 1959, under påskot om pan-arabarisme, fortsette Egypt å okkupere Gazastripa fram til 1967. Egypt annekterte aldri Gazastripa, men handsama det i staden som eit kontrollert område som vart styrt via ein militærguvernør.[9] Meir enn 200 000 flyktningar kom til Gaza under krigen, og levestandarden falt dramatisk. Fordi dei egyptiske styresmaktene avgrensa rørsle til og frå Gazastripa, kunne ikkje innbyggjarane få seg jobb andre stader.[10]

Israelsk okkupasjon[endre | endre wikiteksten]

Gazastripa i mai 2005.
Det islamske universitetet i Gaza.

Frå juni 1967, etter seksdagarskrigen, okkuperte Israel Gazastripa. I denne perioden skapte Israel ei busetjingsblokk, Gush Katif, i det sørvestlege hjørnet av stripa, nær Rafah og den egyptiske grensa. I alt oppretta Israel 21 busetjingar på Gazastripa, som utgjorde 20 % av det samla areal. Utanom ideologiske årsaker, vart desse busetjingane oppretta av israelske tryggleiksårsaker.

I mars 1979 signerte Israel og Egypt den egyptisk-israelske fredsavtalen. Mellom anna måtte Israel trekkje attende alle væpna styrkar og sivile frå Sinaihalvøya, som Israel hadde erobra under seksdagarskrigen, attende til landegrensa frå 1906. Egyptarane gjekk med på å halde Sinaihalvøya demilitarisert. Den endelege statusen til Gazastripa, og andre forhold mellom Israel og palestinarar, vart ikkje handsama i avtalen. Egypt sa frå seg alle territorialkrav nord for landegrensa.

Gazastripa vart verande under israelsk militært styre fram til 1994. På den tida var militæret ansvarleg for å halde sivile anlegg og tenester ved like.

Gaza under Den palestinske sjølvstyresmakta[endre | endre wikiteksten]

Barrièregjerde.

I mai 1994, etter den palestinsk-israelske avtalen kjend som Osloavtalen, vart styret av Gazastripa fasa over til palestinarane. Mykje av Gazastripa (utanom busetjingsblokkene og militærområda) kom under palestinsk kontroll. Dei israelske styrkane forlet Gaza by og andre byområde, og let den nye palestinske sjølvstyresmakta styre desse områda. Den palestinske sjølvstyresmakta, leia av Yasser Arafat, valde Gaza by som det første hovudkvarteret sitt. I september 1995 signerte Israel og PLO ein ny fredsavtale, og Dei palestinske sjølvstyresmaktene fekk kontroll over dei fleste byane på Vestbreidda. Avtalen oppretta òg eit 88 mann stort Palestinsk nasjonalråd, som hadde det første møtet sitt i Gaza i mars 1996.

Den palestinske sjølvstyresmakta, leia av Arafat, leid under alvorleg vanstyre og korrupsjonsskandalar. Til dømes vart det kravd urimelege høge prisar for å la varer passere inn og ut av Gazastripa, medan sjefane i grensevaktapparatet tente stort på involvering i grusimport og sement- og anleggsindustri, slik som Great Arab Company for Investment and Development, al-Motawaset Company og anleggsprosjektet al-Sheik Zayid.[11]

Mellom 1994 og 1996 bygde Israel den israelske sperringa på Gazastripa for å betre tryggleiken i Israel. Barrieren vart stort sett riven ned av palestinarar i byrjinga av Al-Aqsa Intifada i september 2000.[12]

Den andre Intifada[endre | endre wikiteksten]

Den andre Intifada braut ut i september 2000 med bølgjer av demonstrasjonar, indre uro og bomber mot israelske militære og sivile, mange av dei i form av sjølvmordsbomber. Den andre Intifada markerte òg byrjinga på rakettåtak og bomber av israelske grensebusetjingar av palestinsk gerilja frå Gazastripa, særleg av Hamas og Islamsk Jihad-rørsler .

Mellom desember 2000 og juni 2001 vart barrieren mellom Gaza og Israel bygd opp att. Barrieren mellom Gazastripa og Egypt byrja i 2004.[13] Dei største grenseovergangane var Erez-overgangen inn i Israel i nord, og Rafah-overgangen inn i Egypt i sør. Karni-overgangen i aust, som vart nytta for varer, vart stengd i 2011.[14] Israel kontrollerer dei nordlege grensene til Gazastripa, i tillegg til territorialfarvatnet og luftrommet. Egypt kontrollerer den sørlege grensa til Gazastripa, etter ein avtale mellom dei og Israel.[15]

Tilbaketrekkinga til Israel i 2005[endre | endre wikiteksten]

I februar 2005 godtok Knesset ein uttrekkingsplan og byrja å evakuere israelske innbyggjarar frå Gazastripa den 15. august 2005. Evakueringa var fullført den 12. september. Alle israelske busetjingar på Gazastripa og den felles israelske-palestinske Erez industriområde, vart rive ned, og 9 000 israelarar, dei fleste av dei i Gush Katif, vart tvangsflytta.

Den 12. september 2005 erklærte det israelske kabinettet formelt å avslutte den israelske okkupasjonen av Gazastripa. Dei sameinte nasjonane, Human Rights Watch og mange internasjonale organ og ikkje-statlege organisasjonar reknar framleis Israel som ei okkupasjonsmakt på Gazastripa sidan Israel kontrollerer luftrommet, territorialfarvatnet og rørsler av varer og personar over grensa til Gaza.[16][17][18] Israel trekte seg òg bort frå Filadelfiruta, ei smal landstripe langs grensa til Egypt, etter at Egypt gjekk med på trygge si side av grensa. Under Osloavtalen, skulle Filadelfiruta vere under israelsk kontroll for å hindre smugling av våpen og folk over den egyptiske grensa, men Egypt gjekk med på å sjølv patruljere området og hindre dette. Israel heldt kontrollen over grenseovergangane inn og ut av Gaza, og Rafah-overgangen mellom Egypt og Gaza vart overvaka med spesielle overvakingskamera.

Det israelske forsvaret forlet Gazastripa den 1. september 2005 som eit ledd i uttrekkingsplanen og alle israelske sivile vart tvinga ut av området. I november 2005 vart det kome til ei semje om rørsle og tilkomst mellom Israel og Den palestinske sjølvstyresmakta for å betre palestinsk fridom til å forflytte seg og drive økonomisk aktivitet på Gazastripa. I høve vilkåra i avtalen, skulle Rafah-overgangen til Egypt opnast opp att, og overgangane skulle overvakast av Dei palestinske sjølvstyresmaktene og Den europeiske unionen. Berre folk med palestinsk ID, eller utlendingar, med unntak av visse kategoriar, underlagt israelsk oversyn, fekk lov å krysse inn og ut. Alle varer, køyretøy og lastebilar til og frå Egypt passserte gjennom Kerem Shalom-overgangen, under fullt israelsk oppsyn.[19] Ein kunne òg ta inn varer ved Karni-overgangen i nord.

Etter den israelske tilbaketrekkinga den 12. september 2005 hadde Dei palestinske sjølvstyresmaktene fullt sjølvstyre på Gazastripa. Rafah-overgangen hadde blitt under oppsyn av EU etter den endelege avtalen var ferdig i november 2005.[20] Etter tilbaketrekkinga i 2005 heldt Israel framleis kontroll over luftrommet over og havområdet utafor Gazastripa.[21]

Etter 2006[endre | endre wikiteksten]

I det palestinske parlamentsvalet i 2006, den 25. januar 2006, fekk Hamas fleirtal med 42,9 % av stemmene.[22][23] Då Hamas tok makta den neste månaden, nekta dei israelske styresmaktene og nøkkelspelarar i det internasjonale samfunnet, USA og EU, å godta styringsretten til Hamas over Den palestinske sjølvstyresmakta. Direkte hjelp til den palestinsk regjeringa vart avslutta, men nokre midlar vart overførte via humanitære organisasjonar som ikkje var tilknytte regjeringa.[24] Den politiske uordenen og den økonomiske stagnasjonen som følgde førte til at mange palestinarar emigrerte frå Gazastripa.

I januar 2007 braut det ut kampar mellom Hamas og Fatah. Dei verste kampane skjedde nord på Gazastripa, der general Muhammed Gharib, ein erfaren kommandant i det Fatah-dominerte Preventive Security Force, døydde då ein rakett råka heimen hans. To av døtrene og to livvakter mista òg livet i åtaket, som vart utført av Hamas.[25]

Den 30. januar 2007 vart det forhandla fram ein våpenkvile mellom Fatah og Hamas.[26] Men etter eit par dagar braut det ut nye kampar. Den 1. februar tok Hamas livet av seks personar i eit bakhaldsåtak på ein konvoi i Gaza, som skulle levere utstyr til Abbas sin palestinske presidentgarde, som i følgje diplomatar var meint å hindre smugling av meir kraftige våpen inn i Gaza av Hamas. I følgje Hamas var frakta til presidentgarden meint å setje i gang oppvigleri mot Hamas, medan dei heldt attende pengar og fekk støtte frå palestinarar.[27] Fatah-soldatar storma eit Hamas-tilknytt universitet på Gazastripa. Offiserer frå presidentgarden til Abbas kjempa mot soldatar frå Hamas som vakta det Hamas-styrte innanriksdepartementet.[28]

I mai 2007 braut det ut nye kampar mellom fraksjonane.[29] Innanriksministeren Hani Qawasmi, som hadde vore rekna som ein moderat embetsmann, som begge fraksjonane aksepterte, trakk seg på grunn av det han kalla skadeleg oppførsel frå begge sider.

Kampane spreidde seg på Gazastripa, og begge fraksjonane gjekk til åtak på køyretøy og anlegg på den andre sida. Etter ein våpenkvile med Egypt som meklar braut saman, sette Israel i gang eit luftåtak som øydela ein bygning brukt av Hamas. Pågåande vald førte til frykt for at koalisjonsregjeringa mellom Fatah og Hamas skulle kollapse og kanskje ende det palestinske sjølvstyret.

Talsmann for Hamas, Moussa Abu Marzouk, skulda Israel for den forverra situasjonen, og sa at det konstante presset med økonomiske sanksjonar førte til ein «verkeleg eksplosjon.»[30] Associated Press-journalisten Ibrahim Barzak skreiv ein augnevitnerapport der han sa:

« I dag har eg sett folk blitt skoten føre augo mine, eg har høyrt skrika til vettskremde kvinner og barn i ein brennande bygning, og eg har krangla med væpna folk som ønskte å ta over huset mitt. Eg har sett mykje i åra mine som journalist på Gaza, men dette er det verste eg har sett.[31] »

I 2006-2007 vart meir enn 600 palestinarar drepne i kampar mellom Hamas og Fatah.[32] I etterverknaden etter Gazakrigen, føre ei rekkje valdshandlingar til at 54 palestinarar mista livet, og fleire hundre hevdar dei vart torturerte.[33] 349 palestinarar vart drepne i kampar mellom fraksjonane i 2007. 160 palestinarar drap kvarandre berre i juni.[34]

Hamas tar over i 2007[endre | endre wikiteksten]

Etter valsigeren til Hamas i 2006, danna Hamas og Fatah ei samlingsregjering leia av Ismail Haniya. Kort tid etter, tok Hamas kontroll over Gazastripa under slaget ved Gaza,[35] og tok kontroll over statsinstitusjonar og erstatta Fatah og andre embetsfolk med sine eigne.[36] Den 14. juni hadde Hamas full kontroll over Gazastripa. Den palestinsk presidenten Mahmoud Abbas svarte med å erklære unntakstilstand, oppløyste koalisjonsregjeringa og danna ei ny regjering utan Hamas. PNA-styrkarVestbreidda arresterte fleire Hamas-medlemmar.

Seint i juni 2008, sa Egypt, Jordan og Saudi-Arabia at det Vestbreidda-baserte kabinettet danna av Abbas var den einaste lovlige, palestinske regjeringa, og Egypt flytta ambassaden sin frå Gaza til Vestbreidda.[37]

Vakttårn på grensa mellom Rafah og Egypt.

Saudi-Arabia og Egypt støtta forsoning og ei ny samlingsregjering, og pressa Abbas til å starte forhandlingar med Hamas. Abbas hadde som vilkår at Hamas skulle gje attende kontrollen over Gazastripa til Dei palestinske sjølvstyresmaktene. Hamas vitja fleire land, inkludert Russland og EU-medlemsland. Opposisjonsparti og politikarar bad om dialog med Hamas, i tillegg til å stoppe dei økonomiske sanksjonane.

Etter overtakinga, lukka Israel og Egypt grenseovergangane sine til Gaza. Palestinske kjelder rapporterte at Den europeiske unionen-overvakinga flykta frå Rafah-overgangen på grensa mellom Gaza og Egypt, i frykt for å bli kidnappa eller skadd.[38] Arabiske utanriksministrar og palestinske embetsmenn presenterte ein samla front mot grensekontrollen til Hamas.[39]

Samstundes rapporterte Israel og Egypt om at Hamas smugla store mengder eksplosiv og våpen frå Egypt gjennom tunnelar. Egyptiske tryggingsstyrkar avdekte 60 tunnelar i 2007.[40]

Hamas-styre[endre | endre wikiteksten]

Gazastranda.

Etter Hamas-sigeren i juni, vart embetsmenn tilknytt Fatah kasta frå maktstillingar og strevde med å handheve lova med å fjerne våpen frå hendene på perifere militsar, klanar og kriminelle grupper, og få kontroll over smuglartunnelane. I følgje Amnesty International vart aviser nedlagde og journalistar sjikanerte under Hamas.[41] Fatah-demonstrasjonar vart forbodne eller undertrykte, som den store demonstrasjonen til minne om dødsfallet til Yasser Arafat, då sju menneske mista livet etter at demonstrantane kasta steinar på tryggingsstyrkane til Hamas.

Det vart òg registrert vald mot kristne. Eigaren av ein kristen bokhandlar vart bortført og myrda[42] og den 15. februar 2008 vart biblioteket til Den kristne ungdomsorganisasjonen i Gaza by bomba.[43]

Hamas og andre militante grupper heldt fram å skyte Qassam-rakettar over grensa til Israel. I følgje Israel vart det skotne 697 rakettar og 822 granatar med bombekastar mot israelske byar mellom Hamas tok over og januar 2008.[44] Som svar retta Israel siktet mot dei som skaut Qassam-rakettane og militære mål, og erklærte Gazastripa ein fiende. I januar 2008 innskrenka Israel reise frå Gaza, innføring av varer, og skar ned på brennfstofforsyningar, noko som førte til straummangel. Dette førte til skuldingar om at Israel påførte kollektiv avstraffing på folkesetnaden i Gaza, og ei internasjonal fordømming. Trass i mange rapportar frå Gazastripa om mangel på mat og andre nødvendige varer,[45] sa Israel at Gaza hadde nok mat og energiforsyningar for fleire veker.[46]

Dei israelske styresmaktene nyttar økonomiske midlar til å presse Hamas. Mellom anna stoppa dei israelske kommersielle føretak, som bankar og drivstoffselskap, frå å handle med Gazastripa. Rolla til private selskap i forholdet mellom Israel og Gazastripa er ei sak som ikkje er godt nok undersøkt.[47]

Tidleg i mars 2008 førte luftåtak og åtak langs bakken frå det israelske forsvaret til at over 110 palestinarar omkom og det vart påført store skadar i Jabalia.[48]

Barrierebrot[endre | endre wikiteksten]

Smuglartunnel.

Den 23. januar 2008, etter månader med førebuing der stålforsterkinga langs grensemuren vart svekka, øydela Hamas fleire delar av muren som delte Gaza og Egypt i byen Rafah. Hundretusenvs av innbyggjarar frå Gaza kryssa grensa inn i Egypt på leit etter mat og forsyningar. På grunn av denne krisa gav den egyptiske presidenten Hosni Mubarak soldatane sine ordre om å la palestinarar få sleppe inn, men å sikre at dei ikkje tok med seg våpen attende over grensa.[49] Egypt arresterte og sleppte seinare laus væpna militante frå Hamas på Sinai som venteleg ønskte å infiltrere Israel. Samstundes auka Israel beredskapen sin langs grensa mot Egypt, og åtvara innbyggjarane sine om å forlate Sinai «umiddelbart.»

Grenseovervakarane til EU gjekk med på å overvake grensa om Hamas kunne sikre tryggleiken deira. Den palestinske sjølvstyresmakta kravde at Egypt berre skulle forhandle med dei om saker knytte til grensene. Israel reduserte restriksjonane på innføring av varer og medisinsk utstyr, men innskrenka elektrisiteten til 5% på ei av dei ti linjene deira.[50] Rafah-overgangen var stengd fram til midten av februar.[51]

I februar 2008 intensiverte konflikten seg og rakettar vart avfyrte mot israelske byar. Dei militære åtaka til Hamas førte til at Israel tok til motmæle den 1. mars 2008 og over 110 palestinarar vart drepne i følgje BBC News, i tillegg til to israelske soldatar. Den israelske menneskrettsgruppa B'Tselem estimerte at 45 av dei drepne ikkje var involvert i kampane, og at 15 av dei var mindreårige.[52]

Etter ein runde med like for like-arrestasjonar mellom Fatah og Hamas på Gazastripa og Vestbreidda, flytta Hilles-klanen frå Gaza til Jeriko den 4. august 2008.[53] Statsminster Ehud Olmert sa den 11. november 2008, «Sprøsmålet er ikkje om det vil bli ein konfrontasjon, men når det vil skje, under kva omstende, og kven som vil kontrollere desse omstenda, kven som vil diktere dei, og kven som vil utnytte tida frå byrjinga av våpenkvilen til augneblinken konfrontasjonen skjer på best mogeleg måte» Den 14. november 2008 vart Gaza blokkert av Israel etter at ein fem månader lang våpenkvile braut saman.[54] Mat, straum og vatn kom framleis inn i Gaza frå Egypt, når dei egyptiske styresmaktene tillet det.

Den 25. november 2008 stengde Israel vareovergangen til Gaza etter at Qassam-rakettar vart avfyrte mot dette området. Den 28. november, etter ein 24 timar lang periode med ro, hjelpte IDF til med å føre over tretti lastebilar med mat, grunnleggjande forsyningar og medisin til Gaza, og transporterte brennstoff til det viktigaste kraftverket i området.[55]

Gazakrigen[endre | endre wikiteksten]

Øydelagde bygningar under Operasjon «Cast Lead».
Månadlege rakett- og granatåtak i Israel, 2008.
Israelarar drepne av palestinarar i Israel (blue) og palestinarar drepne av israelarar i Gaza (red)

Den 27. desember 2008,[56] utførte israelske F-16-fly ei rekkje luftåtak mot mål i Gaza etter at våpenkvilen mellom Israel og Hamas vart broten.[57] Kjelder i det israelske forsvaret sa at forsvarsminister Ehud Barak instruerte forsvaret om å førebu eg for operasjonen, seks månader før han byrja, og brukte langsiktig planlegging og etterretningsinnsamling.[58] Forskjellige stader som Israel hevda vart nytta som våpenlager, vart angripne: politistasjonar, skular, sjukehus, SN-varehus, moskear, forskjellige statlege Hamas-bygg og andre bygningar.[59] Israel sa åtaka var eit svar på rakettåtaka til Hamas sør i Israel, som talde over 3 000 i 2008, og som auka i talet vekene før operasjonen. Palestinske legar hevda at minst 434 palestinarar vart drepne, og minst 2 800 skadde, mange sivile og eit ukjent tal Hamas-medlemmar, dei første fem dagane av dei israelske åtaka mot Gaza. Det israelske forsvaret nekta for at dei fleste døde var sivile, og kom med prov på at Hamas med vilje gøymde våpen og soldatar i «moskear, skuleplassar og sivile hus» for å hindre åtak og utnytte dei israelske lovene for krigshandlingar.[60] Israel starta ein bakkeinvasjon på Gazastripa den 3. januar 2009. Israel avviste mange av krava om våpenkvile og begge sider erklærte einsidige våpenkviler.[61][62]

I alt mista 1 100-1 400[63] palestinarar og 13 israelarar livet i den 22 dagar lange krigen.[64] Etter 22 dagar med kampar, erklærte Israel våpenkvile. Hamas svor på å halde fram kampane om dei israelske styrkane ikkje trekte seg attende frå Gazastripa.[65] Kampane øydela eller skadde titusenvis av heimar,[66] 15 av 27 sjukehus på Gaza og 43 av dei 110 viktigaste helseinstitusjonane,[67] 800 vassbrunnar,[68] 186 drivhus,[69] og nesten alle dei 10 000 familiegardane;[70] slik at 50 000 vart heimlause,[71] 400 000-500 000 utan rennande vatn,[71][72] ein million utan elektrisitet,[72] og akutt matmangel.[73]

I februar 2009 var tilgangen på mat attende til nivået før krigen, men det vart varsla mangel på ferske varer på grunn av dei store øydeleggingane på jordbrukssektoren.[74]

Gazablokaden[endre | endre wikiteksten]

Blokaden av Gazastripa heldt fram etter krigen, sjølv om Isral tillet små mengder medisinsk, humanitær hjelp. Raude krossen hevda at blokaden gjekk ut over økonomien og førte til mangel på grunnleggande medisinar og utstyr som smertestillande og røntgenfilm.[75]

Direktøren i Shin Bet (Det israelske tryggleiksbyrået) Yuval Diskin var ikkje i mot å heve handelsrestriksjonane, men sa at smuglartunnelane på Sinai og ei open hamn på Gazastripa var ein fare for tryggleiken til Israel. I følgje Diskin, hadde Hamas og Islamsk Jihad smugle over «5 000 rakettar med rekkjvidde opp til 40 km.» Some av rakettane kunne nå heilt til Tel Aviv storbyområde.[76]

Den israelske talsmannen Mark Regev kalla handlingane til Israel «sanksjonar», ikkje ein blokade, men rettskonsulentar for UNRWA kalla blokaden «eit brot på folkeretten.»[77]

I juli 2010 sa den britiske statsministeren David Cameron at «humanitære varer og folk må få flyte i begge retningar. Ein kan ikkje, og må ikkje, la Gaza få vere ein fangeleir.»[78] Som svar sa talsmannen for den isarelske ambassaden i London at «Folket på Gaza er fangar av terroristorganisasjonen Hamas. Situasjonen på Gaza er eit direkte resultat av styret og prioriteringane til Hamas.»

Teltleir i april 2009.

Den arabiske ligaen skulda Israel for å drive ein økonomisk krig.[79] Det israelske forsvarte hadde streng kontroll over innreise til området og forsegla grensa mot Gaza. Reiseguidar åtvara turistar om at regionen var farleg.[80]

Etter stort internasjonalt press, letta Egypt og Israel på restriksjonane frå juni 2010, då Rafah-overgangen frå Egypt til Gaza delvis vart opna av Egypt. Utanriksministeren til Egypt sa at overgangen hovudsakleg kom til å vere open for folk, men ikkje forsyningar.[81] Israel annonserte at dei ville tillate sivile varer, men ikkje våpen eller varer som kunne nyttast til å lage våpen.[82]

I januar og februar 2011 evaluerte United Nation Office for the Coordination of Humanitarian Affairs (UNOCHA) tiltaka som vart gjort for å lette blokaden[83] og konkluderte med at det ikkje var nok til å betre levevilkåra til dei lokale innbyggjarane.[83] UNOCHA called on Israel to fully abolish the blockade including restrictions on exports and the import of construction materials, and to lift the general ban on movement between Gaza and West Bank via Israel.[83] Etter at president Hosni Mubarak rekte seg i Egypt den 28. mai 2011, har Egypt permanent opna grensa si til Gazastripa.[84]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot sjøen frå Al Deira Hotel på kysten av Gaza.

Økonomien til den Hamas-styrte Gazastripa er hardt råka av den nesten totale blokaden til Israel, den høge folketettleiken, avgrensa tilgang til land, strenge indre og ytre tryggleikskontrollar, følgjene av israelske militæroperasjonar og restriksjonar innan arbeid og handel på tvers av grensa. Inntekt per innbyggjar vart estimert til å vere US$ 3 100 i 2009, som er 164. plass i verda.[85] 70% av folkesetnaden lever under fattigdomsgrensa i følgje eit estimat frå 2009.[85] Industriar på Gazastripa er hovudsakleg små familieføretak som produserer tekstilar, såpe, oliventreutskjeringar og perlemorsuvenirar. Israelarar har oppretta nokre moderne industriar på liten skala i eit industrisenter. Israel forsyner Gazastripa med elektrisitet.

Dei viktigaste jordbruksprodukta er oliven, sitrus, grønsaker, Halal-kjøt og meieriprodukt. Dei viktigaste eksportvarene er sitrus og blomar, medan dei viktigaste importvarene er mat, forbrukarvarer og byggemateriale. Dei viktigaset handelspartnarane til Gazastripa er Israel og Egypt.[85]

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Gazastripa ligg i Midtausten ved kysten av Middelhavet, med Israel i nord og aust, og Egypt i sør.

Gazastripa har eit tørt klima med milde vintrar, og tørre, steikande somrar, som er prega av tørke. Terrenget er flatt eller svakt åslendt, med sanddyner nær kysten. Det høgaste punktet er Abu 'Awdah (Joz Abu 'Auda) på 105 meter over havet. Naturressursar er dyrkbar mark (kring ein tredjedel av stripa får kunstig vatning) og nyleg oppdaga naturgass. Av miljøproblem finn ein mellom anna ørkenspreiing; salt i ferskvatnet; kloakkhandsaming; vassborne sjukdommar; jordforringing; og utarming og forureining av underjordiske vasskjelder. Gazastripa er hovudsakleg avhengig av vatn frå Wadi Gaza, som òg er ein ressurs i Israel.[86]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Gaza Strip» (på engelsk). Henta 10. oktober 2023. 
  2. «Palestinian unity government sworn in by Mahmoud Abbas». BBC. 2. juni 2014. Henta 17. september 2015. 
  3. 3,0 3,1 Gazastripa Arkivert 2014-06-08 ved Wayback Machine. på CIA World Factbook
  4. Arie Arnon, Israeli Policy towards the Occupied Palestinian Territories: The Economic Dimension, 1967-2007[daud lenkje]. MIDDLE EAST JOURNAL, Volume 61, No. 4, AUTUMN 2007 (p. 575)
  5. Egypt Israel Armistice Agreement[daud lenkje] UN Doc S/1264/Corr.1 23. februar 1949
  6. Palestina Royal Commission Report Presented by the Secretary of State for the Colonies to Parliament by Command of His Majesty, July 1937, Cmd. 5479 Arkivert 2012-01-27 ved Wayback Machine.. His Majesty’s Stationery Office., London, 1937. 404 pages + maps.
  7. «All-Palestina Government, by Shlaim, Avi». Answers.com. Henta 5. september 2015. 
  8. (he) Gardus, Yehuda; Shmueli, Avshalom, red. (1978–79). The Land of the Negev (English title). Ministry of Defense Publishing.  s. 369–370.
  9. «How has the Gazastripa influenced the Israeli-Palestine conflict?" Arkivert 2012-01-20 ved Wayback Machine. på ProCon.org som siterer «An Historical Encyclopedia of Arab-Israeli Conflict»
  10. Baster, James, «Economic Problems in the Gaza Strip,» Middle Eastern Journal, Vol. 9, Nr. 3 (sommer 1955), s. 323-327.
  11. Samuels, David. «The Atlantic». The Atlantic. Henta 5. september 2015. 
  12. Almog, Major General Doron (23. desember 2004). «Lessons of the Gaza Security Fence for Vestbreidda» 4 (12 utg.). Jerusalem Centre for Public Affairs. 
  13. Barnard, Anne (22. oktober 2006). «Life in Gaza Steadily Worsens». The Boston Globe. 
  14. Myre, Greg (4. mars 2006). «Gaza Crossing:Choked Passages to Frustration». The New York Times. 
  15. «Gaza crisis: key maps and timeline». BBC News. 6. januar 2009. Henta 5. september 2015. 
  16. «Israel/Occupied Palestine Territories: The conflict in Gaza: A briefing on applicable law, investigations and accountability». Amnesty International. 19. januar 2009. Arkivert frå originalen 10. juni 2009. Henta 17. september 2015. 
  17. «Human Rights Council Special Session on the Occupied Palestine Territories" Arkivert 2008-10-15 ved Wayback Machine. 6. juli 2006; Human Rights Watch considers Gaza still occupied.
  18. Levs, Josh (6. januar 2009). «Is Gaza 'occupied' territory?». CNN. Henta 17. september 2015. 
  19. Tanya Reinhart, The Road to Nowhere, Verso, London 2006 s.134-5
  20. EU Border Assistance Mission for Rafah Crossing Point (EU BAM Rafah). Dei sameinte nasjonane : Den europeiske unionen. 25. november 2005. 
  21. S. Daniel Abraham (8. mars 2013). «Israel's Dreaded Tipping Point Has Finally Arrived». The Atlantic. The Atlantic Monthly Group. Henta 17. september 2015. 
  22. Counting underway in Palestine elections, International Herald Tribune, 25. januar 2006.
  23. Election officials reduce Hamas seats by two, Afvt. News Online, 30. januar 2006.
  24. Weisman, Steven R. (8. april 2006). «U.S. and Europe Halt Aid to Palestinian Government». Nytimes.com. Henta 5. september 2015. 
  25. Abu, Khaled. «US to give $86 million to Abbas's forces». Jerusalem Post. Henta 5. september 2015. 
  26. Palestine Cease-Fire Holds on 1st Day. Ibrahim Barzak, Associated Press, 31. januar 2007
  27. Six killed in Hamas ambush on Gaza convoy, arkivert frå originalen 6. februar 2007, henta 18. september 2015 . Nidal al-Mughrabi, Reuters, 12. april 2015. On web.archive.org
  28. Gaza erupts in fatal clashes after truce. Associated Press (usatoday.com)
  29. Hamas kills 8 in Gaza border clash Arkivert 2016-05-31 ved Wayback Machine., By Ibrahim Barzak, Associated Press Writer, 15. mai 2007.
  30. «Hamas Blames World». Jerusalem Post. 16. mai 2007. Henta 5. september 2015. 
  31. «Eyewitness: Carnage in Gaza». Jerusalem Post. Henta 5. september 2015. 
  32. «Over 600 Palestinians killed in internal clashes since 2006». Ynetnews.com. 20. juni 1995. Henta 5. september 2015. 
  33. Kalman, Matthew (22. januar 2009). «Hamas executes suspected Fatah traitors in Gaza». The San Francisco Chronicle. 
  34. «B'Tselem - Violations of the human rights of Palestinians by Palestinians - Severe human rights violations in inter-palestinian clashes». Btselem.org. 12. november 2007. Henta 5. september 2015. 
  35. Black, Ian; Tran, Mark (15. juni 2007). «Hamas takes control of Gaza». Guardian (London). Henta 3. juni 2010. 
  36. Abrahams, Fred; Human Rights Watch (2008). Internal fight: Palestinian abuses in Gaza and West Bank. Human Rights Watch. s. 14–15. 
  37. «Mubarak calls Hamas' takeover of the Gazastripa a 'coup'». Haaretz Daily Newspaper. Henta 5. september 2015. 
  38. Dudkevitch, Margot (14. mars 2006). «EU monitors flee Rafah border crossing». Jerusalem Post. Henta 5. september 2015. 
  39. «Midtausten — Abbas wins Egypt backing on border». Al Jazeera English. 28. januar 2008. Henta 5. september 2015. 
  40. «Egypt finds 60 Gaza tunnels in 10 months». Jerusalem Post. 13. november 2007. Henta 5. september 2015. 
  41. «Torn apart by factional strife». Amnesty International. 24. oktober 2007. Arkivert frå originalen oktober 25, 2007. Henta 5. oktober 2014. 
  42. Silver, Eric (8. oktober 2007). «Gaza's Christian bookseller killed». The Independent (London). Henta 17. september 2015. 
  43. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. desember 2017, henta 18. september 2015 
  44. «Israeli MFA». Mfa.gov.il. Arkivert frå originalen oktober 11, fdfd2007. Henta 5. september 2015. 
  45. «Profile: Gazastripa». BBC News. 6. januar 2009. Henta 5. september 2015. 
  46. «IDF official rejects claims of humanitarian crisis in Gaza». Ynetnews.com. 20. juni 1995. Henta 5. september 2015. 
  47. Dana Weiss and Ronen Shamir (2011) Corporate Accountability to Human Rights: The Case of the Gaza Strip. Harvard Human Rights Journal, Vol. 24, 1, 155-183.
  48. Dozens die in Israel-Gaza clashes BBC News. 2. mars 2008.
  49. «Egypt 'won't force Gazans back'». BBC News. 23. januar 2008. Henta 5. september 2015. 
  50. Abu Toameh, Khaled (29. januar 2008). «Fatah, Hamas fight for border control». Jerusalem Post. Arkivert frå originalen 2. februar 2008. Henta 5. september 2015. 
  51. «Maan news». Maan news. Arkivert frå originalen 16. januar 2009. Henta 5. september 2015. 
  52. «israelske Gaza operation 'not over'». BBC News. 3. mars 2008. Henta 5. september 2015. 
  53. Katz, Yaakov. «IDF: Hilles clan won't boost terrorism | Israel | Jerusalem Post». Jerusalem Post. Henta 5. september 2015. 
  54. Boudreaux, Richard (14. november 2008). «Blockade leaves Gazans i dark». Los Angeles Times. Henta 17. september 2015. [daud lenkje]
  55. Keinon, Herb (4. oktober 2014). «Ministries at odds over journalists' entry into Gaza». Jerusalem Post. Henta 5. september 2015. 
  56. El-Khodary, Taghreed; Bronner, Ethan (28. desember 2008). «Israelis Say Strikes Against Hamas Will Continue». The New York Times. Henta 17. september 2015. 
  57. «A Timeline of Terror: 2001 to 2012, Den offisielle bloggen til Det israelske forsvaret». Idfblog.com. 16. april 2012. Arkivert frå originalen 22. januar 2013. Henta 5. september 2015. 
  58. Ravid, Barak (28. desember 2008). «IAF strike followed months of planning». Haaretz.com. Henta 5. september 2015. 
  59. Mozgovaya, Natasha. «IDF shell kills 30 in Gaza UN school; Israel mulls appeal over Hamas fire from UN facilities». Haaretz Daily Newspaper. Henta 5. september 2015. 
  60. Erlanger, Steven (10. januar 2009). «A Gaza War Full of Traps and Trickery». Israel;Gazastripa: Nytimes.com. Henta 5. september 2015. 
  61. McClatchy Newspapers, 27. september 2014, «Israel Rebuffs Cease-Fire Calls as Gaza Casualties Rise" http://www.mcclatchydc.com/world/story/58981.html
  62. «Hamas Rejects Cease-Fire With Israel in Gaza — Mideast Watch». usnews.com. Henta 5. september 2015. 
  63. Kasher, Asa. «Analysis: A moral evaluation of the Gaza War». Jpost.com. Henta 5. september 2015. 
  64. «Slow recovery from wounds of Gaza conflict». BBC News. 27. desember 2009. Henta 17. september 2015. 
  65. Erlanger, Steven (18. januar 2009). «Israel Declares Cease-Fire; Hamas Says It Will Fight On». The New York Times. Henta 17. september 2015. 
  66. http://www.iom.int/jahia/Jahia/media/press-briefing-notes/pbnAF/cache/offonce/lang/en?entryId=21830 Arkivert 2012-03-10 ved Wayback Machine.; Reuters, 12. januar 2009 Lappin, Yaakov. IDF releases Cast Lead casualty, The Jerusalem Post, March 26, 2009.
  67. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 8. mars 2015, henta 18. september 2015 
  68. «MIDEAST: Attack on Water Brings Sanitation Crisis - IPS». Ipsnews.net. 18. juni 2009. Henta 5. september 2015. 
  69. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 14. mai 2011, henta 18. september 2015 
  70. http://www.fao.org/fileadmin/templates/tc/tce/pdf/FAO_brief_on_Gaza_23_Jan_09.pdf
  71. 71,0 71,1 «Gaza 'looks like earthquake zone'». BBC News. 20. januar 2009. 
  72. 72,0 72,1 «Gaza: Humanitarian situation». BBC News. 30. januar 2009. 
  73. «Launches Emergency Food Distributions to Families in Gaza | WFP | United Nation World Food Programme - Fighting Hunger Worldwide». WFP. Arkivert frå originalen 11. mai 2011. Henta 5. september 2015. 
  74. «Gaza Emergency Food Security Assessment (EFSA) - FAO/WFP report (24. februar 2009)». Unispal.un.org. Arkivert frå originalen 13. mai 2011. Henta 5. september 2015. 
  75. «Red Cross: Israel trapping 1.5m Gazans in despair». Haaretz. 29. juni 2009. 
  76. «Diskin: No aid crisis in Gaza». Jpost.com. 15. juni 2010. Henta 5. september 2015. 
  77. John Pike. «ISRAEL-OPT: UN report details grim effects of israelske blockade on Gaza». Globalsecurity.org. Henta 5. september 2015. 
  78. Watt, Nicholas (27. juli 2010). «David Cameron: Israeli blockade has turned Gaza Strip into a 'prison camp'». The Guardian (London). Henta 5. oktober 2014. 
  79. The Arabic League: Israel waging a financial war
  80. «Israel, Vestbreidda and Gaza Travel Warning». Travel.state.gov. Arkivert frå originalen 30. desember 2004. Henta 5. september 2015. 
  81. Egypt eases own Gaza blockade after Israel Freedom Flotilla raid, Christian Science Monitor, 2. juni 2010 (s. 2)
  82. Rabinowitz, Gavin (20. juni 2010). «AFP: Israel to allow more 'civilian' goods into Gaza: official». Google.com. Henta 5. september 2015. 
  83. 83,0 83,1 83,2 «Easing the blockade – Assessing the humanitarian impact on the population of the Gaza Strip» (PDF). UNITED NATIONS Office for the Coordination of Humanitarian Affairs occupied Palestinian territory. Arkivert frå originalen (PDF) 26. juli 2011. Henta 18. september 2015. 
  84. [1] Wall Street Journal. 22. februar 2015.
  85. 85,0 85,1 85,2 «CIA — The World Factbook — Gazastripa». CIA. 2010. Arkivert frå originalen 8. juni 2014. Henta 30. desember 2010. 
  86. Clive Lipchin. Integrated Water Resources Management and Security in the Middle East. Books.google.com. Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gazastripa