Sinaihalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sinaihalvøya sett frå verdsrommet.
Katarinaklosteret ved Sinaifjellet er rekna som det eldste kristne klosteret

Sinaihalvøya (arabisk Shibh Jazirat Sina شبه جزيرة سيناء) er ei halvøy mellom Middelhavet i nord og Raudehavet i sør. Halvøya ligg i Egypt, og har ei flatevidd på kring 60 000 kvadratkilometer. Landgrensene er Suez-kanalen i vest og grensa til Israel i aust. I Sørvest-Asia kan halvøya verta kalla for Vest-Asia.

Halvøya er nesten berre ørken, men det er noko busetnad langs Sabah-kysten ved Taba (nær den israelske byen Eliat) med hotell og kasino. Sørover langs kysten ligg Nuweiba, Dahab og Sharm el-Sheikh. Det finst òg busetting i nord langs Gazastripa ved El-Arish.

Sinaifjellet i Sinai er kjend frå Bibelen som staden der Moses mottok Dei ti boda.

Grensa i aust for halvøya er ei geologisk forkasting, kjend som den austafrikanske riftdalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sinaihalvøya
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.