Nahal Na‘aman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nahal Na‘aman
elv
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°52′37.56″N 35°6′23.9″E / 32.8771000°N 35.106639°E / 32.8771000; 35.106639
Lengd 10 km
Kjelde nær Tel Afek
Munning Middelhavet
Kart
Nahal Na‘aman
32°52′38″N 35°06′24″E / 32.8771°N 35.106638888889°E / 32.8771; 35.106638888889
Wikimedia Commons: Naaman River

Belus eller Belos er ei lita elv nordvest i Israel, der glasmaking i følgje ei segn nemnt av Isidore av Sevilla vart oppfunnen.[1] Cornelius Tacitus nemnte òg glasmaking ved Belus.

Elva er i dag identifisert som elva Na'aman (hebraisk נחל נעמן), sør for Akko.

Plinius den eldre (N.H. 5.19) nytta namnet 'Pacida', og nemtne at elva flaut frå Cendeviasjøen (i dag nedanfor Karmelberget) og 8 km mot sjøen nær «Ptolemais Ace», og vart hylla for den glashaldige sanden.

I dag spring Na'amânelva ut frå kjelder nær Ein Afek, hovudsakleg Ein Nymphit, og flyt gjennom Zevulundalen til Akkobukta. Ein Afek-kjelda danna tidlegare myrområde. Desse myrene vart drenerte tidleg på 1900-talet og erstatta av eit lite naturreservat kring ein liten innsjø.

Na'amân er kring 10 km lang og flyt frå sør til nord, før ho munnar ut i Middelhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]