Karmelberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°44′N 35°03′E
Karmelberget
hebraisk הר הכרמל Karem El/Har Ha'Karmel

arabisk الكرمل/جبل مار إلياس Kurmul/Jabal Mar Elyas

fjellkjede
Caiobadner - mount carmel.JPG
Karmelberget ved solnedgang, sett frå Ma'agan Michael kibbutz
Namneopphav: Tyder på hebraisk: Guds vingard og på arabisk St. Eliafjellet
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Høgd 525,4 moh
Koordinatar 32°44′N 35°03′E
Lengd 39 km
Geologi Kalkstein og flint
Planter Eik, furu, oliventre og laurbær
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mount Carmel

Karmelberget (hebraisk הַר הַכַּרְמֶל, Har HaKarmel; gresk Κάρμηλος, Kármēlos; arabisk الكرمل, Kurmul eller جبل مار إلياس Jabal Mar Elyas) er ei fjellkjede nær kysten i det nordlege Israel som strekkjer seg frå Middelhavet og søraustover. Fjellkjeda har status som eit biosfærereservat og det ligg fleire byar her, mellom anna Haifa, den tredje største byen i Israel, som ligg på nordsida.

Karmelberget i 1894
Universitet i Haifa på toppen av Karmelberget i 1996.
Báb-heilagdomen, Baha'i-hagane og den tyske kolonien.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Karmelberget har vore brukt om tre område:[1]

  • Den 39 km lange fjellkjeda, så langt søraust som til Jenin.
  • Den nordvestlege 19 km lange delen av fjellkjeda.
  • Tuppen lengst nordvest i fjellkjeda.

Karmelberget er kring 6,5 til 8 km brei og heller gradvis mot sørvest, men dannar ein bratt kam på nordaustsida, som er 546 meter over havet. Jezreeldalen ligg like nordaust for fjellkjeda. Ho dannar ein naturleg barrière i landskapet, slik Jezreeldalen dannar ein naturleg passasje, og fjella og dalen har derfor påverka migrasjonen og invasjonane i Levanten i lange tider.[1] Fjellformasjonen er ei blanding av kalkstein og flint, og inneheld mange grotter, og er dekt med fleire vulkanske bergartar.[1][2] Fjellsidene er frodige med mykje vegetasjon, som eik, furu, oliven og laurbærtre.[2]

Fleire moderne byar ligg i fjellkjeda, som Yokneam på austsida, Zikhron Ya'akov på sørsida, drusarsamfunna Daliyat al-Karmel og Isfiya sentralt på ryggen, og byane Nesher, Tirat Hakarmel og Haifa i nordvest. Det ligg òg ein liten kibbutz kalla Beit Oren, som ligg på ein av dei høgaste punkta i fjellet søraust for Haifa.

Panorama av Karmelberget
Panorama av Karmelberget

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldre steinalder[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1930 og 1932 grov Dorothy Garrod i fire grotter i fjella, og fleire hellerar i Karmelberget ved el-Wad, el-Tabun og Es Skhul.[3] Garrod oppdaga leivningar av neandertalar og tidlege moderne menneske, mellom anna skjelettet av ei neandertalarkvinne, som vert rekna som eit av dei viktigaste menneskefossila som er funnen nokon gong.[4] Utgravinga i el-Tabun har gjeve spor som går 600 000 år eller meir attende med menneskeleg aktivitet,[5] frå nedre eldre steinalder til i dag.[6]

Som strategisk plassering[endre | endre wikiteksten]

På grunn av den frodige vegetasjonen i fjellsida og dei mange grottene i dei brattare sidene, vart Karmelberget ein tilfluktsstad for kriminelle.[1] Karmelberget vart rekna som staden der Jahve gøymde seg, som det er implisert i Amos.[1][7] I følgje Andre Kongebok reiste Elisja til Karmelberget etter å ha forbanna ei gruppe unge menn fordi dei hadde gjort narr av han ved å rope «Kom deg vekk, din snauskalle!» Etter dette kom det bjørnar ut av skogen og reiv i hel 42 av dei.[8] Dette indikerer ikkje nødvendigvis at Elisja søkte tilflukt i fjella.[1]. I følgje Strabon var staden framleis ein gøymestad i det første hundreåret.[9]

I følgje Epifanios,[10] og Josefus,[11] var Karmelberget ein skanse for essenarane sokm kom frå ein stad i Galilea kalla Nasaret, men denne essenar-gruppa vert stundom kalla nasarearane, og må ikkje forvekslast med dei som følgde Jesus.

Under fyrste verdskrigen hadde Karmelberget ei viktig strategisk rolle. Slaget ved Megiddo fann stad i eit pass gjennom Karmelberget oppom Jezreeldalen frå sør. General Allenby leia britane i slaget, som var vendepunktet i krigen mot Det osmanske riket. Jezreeldalen hadde spelt ei viktig rolle i mange slag før, mellom anna det historisk viktige slaget ved Megiddo mellom egyptarane og kanaanittane. Men det var berre slaget på 1900-talet som fann stad på sjølve Karmelryggen på grunn av våpenutviklinga.

Arkeologar har funne gamle vin- og olivenpresser fleire stader på Karmelberget.[1][2]

Som heilag stad[endre | endre wikiteksten]

I eldre kanaanittisk kultur, vart høgtliggande stader ofte rekna som heilage, og det same vart Karmelberget. Thutmose III reknar ein heilag odde blant dei kanaanittiske territoria sine, og om dette er det same som Karmel, slik egyptologar som Maspero meiner, indikerer det at fjellet vart rekna som heilag frå minst 1400-talet fvt.[1] I følgje Kongebøkgene var det eit altar til Gud på fjellet, som hadde falle i ruinar på tida til Ahab, men Elia bygde eit nytt eit.[12] Iamblichus skriv at Pythagoras vitja fjellet fordi det var heilag, og skreiv at det var det mest heilage av alle fjell, og det var ein forboden plass for folk flest, medan Tacitus skreiv at det var eit orakel der, som Vespasian vitja for ein konsultasjon.[2] Tacitus skriv òg at det var eit altar der,[1] men utan noko bilete,[1][2] og utan eit tempel kring seg.[2]

Elia[endre | endre wikiteksten]

Eliagrotta.

For jødar, kristne og muslimar[1] er Elia tett knytt til fjellet, og han vert stundom rekna å ha budd i ei grotte i dette fjellet. Eit alternativt namn på Karmelberget er til og med St. Eliafjellet. I Kongebøkene utfordrar Elia 450 profetar av ein viss Baal til ein konkurranse ved altaret på Karmelberget for å avgjere kven sin guddom som i røynda hadde kontroll over Kongedømet Israel. Sidan forteljinga er sett til styret til Ahab og han var tilknytt fønikarane, meiner bibelforskarar at den Baal det var snakk om truleg var Melqart.[13]

I følgje Bibelen i Første Kongebok 18, var utfordringa kva guddom som kunne tenne eit offer med eld. Etter profetane til Baal hadde mislukkast med dette, fekk Elia helt vatn på offeret og byrja å be. Offeret tok fyr, som fekk dei israelittiske vitna til å rope «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!». Mot slutten av kapittelet fortel Elia at ei langvarig tørke kjem til å ta slutt. Skyene samlar seg på himmelen, som vert svart, og det byrjar å regne tungt.

Sjølv om det ikkje er nokre kjelder i Bibelen som syner kvar på Karmelberget Elia sigra over profetane,[1] plasserer islamsk tradisjon staden ved ein punkt kalla El-Maharrakah, som tyder brenninga.[2]

Karmelittane[endre | endre wikiteksten]

Ein statue av Elia i krypten i klosteret på Karmelberget. I følgje karmelittane var krypten opphavleg Eliagrotta.

Det vart grunnlagd ein katolsk munkeorden på Karmelberget på 1100-talet, kalla karmelittane etter fjellkjeda. Grunnleggjaren var ein viss Berthold, som døydde ein ukjend dato etter 1185, og som anten var ein pilegrim eller krossfarar. Ordenen vart grunnlagd på staden der ein hevda Eliagrotta låg nordvest i fjellkjeda. [1] Dette er òg, kanskje ikkje tilfeldig, det høgaste naturlege punktet i fjellkjeda. Det er ingen dokumenterte bevis som støttar at Elia budde her, men i følgje karmelittane skal eit samfunn av jødiske eremittar ha budd på staden frå Elia var der og fram til karmelittordenen vart grunnlagd der.

Det vart grunnlagd eit karmelittisk kloster på staden kort tid etter ordenen vart grunnlagd, og dette var tileigna Jomfru Maria med namnet «Stjerne av havet» («stella maris» på latinsk).[1] Sjølv om Ludvig IX av Frankrike stundom vert rekna som grunnleggjaren, var han ikkje det, og hadde berre vitja staden i 1252.[2] Karmelittane vart ein av dei store katolske ordenane i verda, sjølv om klosteret på Karmel ikkje hadde ei like suksessrik historie. Under krosstoga skifta klosteret ofte eigar, og det vart ofte omgjort til ein moske;[2] under islamsk kontroll vart staden kalla «El-Maharrakah», som tyder «brenningsstaden», ein referanse til soga om Elia som utfordra prestane frå Hadad.[2] I 1799 vart bygningen omgjort til eit hospital, av Napoleon, men i 1821 vart restane av bygget øydelagd av pasjaen av Damaskus.[2] Eit nytt kloster vart sidan bygd rett oppom ei nærliggande grotte, etter at karmelittane samla inn pengar for å restaurere klosteret.[2] Grotta, som no dannar krypta til den klosterkyrkja, vert kalla «Eliagrotta».[2]

Bahá'í-trua[endre | endre wikiteksten]

Báb-heilagdomen og terrassane på Karmelberget, 2004

Karmelberget vert rekna som ein heilag stad for bahá'íane verda rundt, og Bahá'í-senteret og Báb-heilagdomen ligg her. At staden er heilag har røter i at grunnleggjaren av religionen, Bahá'u'lláh, vart fengsla hær, nær Haifa av osmanarane, då dei styrte over Palestina.

Báb-heilagdomen er eit bygg der leivningane av Báb, grunnleggjaren av bábismen og føregjengaren til Bahá'u'lláh i Bahá'í-trua ligg gravlagd. Heilagdomen på Karmelberget vart tekikna av Bahá'u'lláh sjølv og leivningane av Báb vart lagt til kvile den 21. mars 1909 i eit seksroms mausoleum laga av lokal stein.. Bygginga av heilagdomen med ein gylden kuppel vart laga over mausoleet i 1953,[14] og ei rekkje dekorative terrassar rundt heilagdomen stod ferdig i 2001.

Ahmadiyya-moskeen[endre | endre wikiteksten]

Ahmadiyyamuslimane har den største moskeen sin i Israel på Karmelberget, Mahmood-moskeen i Kababir. Det er eit unikt bygg med to minaretar.[15] Moskeen vart ein gong vitja av den isrealske presidenten, Shimon Peres for eit iftarmåltid.[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 Cheyne and Black, Encyclopedia Biblica
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 Jewish encyclopedia
  3. «Timeline in the Understanding of neandertals». Henta 3. oktober 2014. 
  4. Christopher Stringer, custodian of Tabun I, Natural History Museum, Callander and Smith, 1998
  5. «From ‘small, dark and alive’ to ‘cripplingly shy’: Dorothy Garrod as the first woman Professor at Cambridge». Henta 3. oktober 2014. 
  6. «Excavations and Surveys (University of Haifa)». Henta 3. oktober 2014. 
  7. Amos 9:3
  8. Andre Kongebok 2:25
  9. Strabon, Geografika
  10. Epifanios av Salamis, Panarion 1:18
  11. Josefus, Jødekrigen
  12. Første Kongebok 18:30-32]
  13. Peake sin kommentar om Bibelen
  14. «Golden anniversary of the Queen of Carmel». Bahá'í World News Service. 2003-10-12. Henta 4. oktober 2014. 
  15. «Holy Sites in Haifa». Tour-Haifa. Henta 4. oktober 2014. 
  16. «Shimon Peres visits Ahmadiyya Mosque in Kababir Israel». youtube. Henta 4. desember 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]