Nal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Nal (fleirtyding).
Ein ordinær nal med blått handtak.

Ein nal er ein T-forma handreiskap til reingjering av overflater. Nalen består av ei gummilist med eit handtak.

Nalar kan brukast til vask av vindauge, eller til fjerning av vatn og reinsevæsker frå glas, speglar og andre glatte overflater. Effekten av gummibladet på ein nal kan samanliknast med gummibladet på ein vindaugsviskar.

Ein nal brukt til reingjering av eit vindauge.

Ordet «nal» er opphavleg eit merkevarenamn som har vorte ein del av daglegtalen. Namnet kjem av namnet på oppfinnaren, Lahn, stava baklengs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]