Namnet Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Denne artikkelen handlar om namnet Hall. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hall.

Hall er eit nordisk mannsnamn og eit etternamn som kan ha fleire opphav. Førenamnet kjem frå norrønt Hallr og tyder 'stein' eller 'helle'. Det finst òg i samansette namn som Halldor, Hallgeir, Hallstein og Halvard og i kortforma Halle.

Det engelske etternamnet Hall er avleidd av gammalengelsk heall, som opphavleg viste til eit stort opphaldsrom, som hall på norsk, og seinare til herskapshus. Namnet blei hovudsakleg brukt om tenarar og liknande som budde i sjølve herskapshuset.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Som førenamn er Hall nokså sjeldan i bruk i Noreg i dag. Ifylgje Statistisk sentralbyrå er det om lag 20 menn i Noreg som heiter Hall i 2012. Samtidig er det 332 nordmenn som har Hall som etternamn.

I Storbritannia er Hall det 19. vanlegaste etternamnet med om lag 110 810 brukarar.[2] I USA er det det 26. vanlegaste.[3]

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Som førenamn[endre | endre wikiteksten]

Som slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

  • Hall & Oates, popduo frå USA.
  • Novella «Berre ein hund» av Per Sivle handlar om hunden Hall og venskapen mellom han og guten Per.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Patrick Hanks, Kate Hardcastle, and Flavia Hodges (2006), «Hall», A Dictionary of First Names, Oxford University Press 
  2. Hall ved britishsurnames.co.uk
  3. Frequently Occurring First Names and Surnames From the 1990 Census, (Table) Name Files dist.all.last", U.S. Census Bureau. May 9, 1995.
  4. «Hall Torarinsson» i Store Norske Leksikon
  5. «Hall Caine» i Store Norske Leksikon
  6. «Berre ein hund» av Per Sivle hjå biblioteket til Høgskolen i Vestfold