Ragnvald Kale Kolsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.
Frå St. Magnuskatedralen i Kirkwall; avbilding av St. Ragnvald, jarl på Orknøyane.

Ragnvald Kale Kolsson (fødd omkring 1105, død 20. august 1158) var ein av dei sentrale jarlaneOrknøyane på 1100-talet. Han var ein dugande skald og han skal ha blitt kåra til helgen av pave Celestin III (1191-1198).

Norrøne kjelder[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste opplysningane om Ragnvald jarl finn ein i Orknøyingasoga[1] i kapittel 42 og frå og med kapittel 58 (i byrjinga under namnet Kale Kolsson). Han er òg omtala i soga om Haraldssønene[2]. Ragnvald var ein dugande skald og mange av dikta hans er kjende (sjå ref.).

Fleire granskarar har freista å finne sikker informasjon om kvar helst Ragnvald vart fødd, utan å kunne bevise hypoteser om konkrete stader. Både Fjære i Grimstad[3] og Huseby på Lista[4] er nemnde. Orknøyingasoga opplyser berre at Ragnvald var frå Agder. I den katolske kyrkja sin biografi om Ragnvald er det opplyst at fødestaden hans var Jæren.[5]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Far hans var lendmann Kol Kalesson i Agder og farfar hans var Kale Sæbjørnsson som var med Magnus Berrføtt på vesterhavstoktet i 1098, der han fall. Mor til Ragnvald var Gunnhild, dotter til orknøyjarlen Erlend Torfinnsson, og morbror hans var Magnus den heilage.

Han vart døypt Kale, men fekk namnet Ragnvald fordi Gunnhild, mor hans, hadde sagt at Ragnvald Brusesson hadde vore den mest framståande av alle orknøyjarlane, og dei trudde det skulle følgje lukke med namnet hans[6]. Ragnvald hadde ei dotter som var kalla Ingerid eller Ingegjerd; kven mora var, er ikkje kjent. Ho vart gift med Eirik Stagbrell og vart mellom andre mor til Harald Eiriksson jarl (Harald Unge). Ragnvald hadde òg ei syster som heitte Ingerid; ho vart gift med lendmannssonen Jon Petersson.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Kale Kolsson vaks opp i Agder og hadde truleg få relasjonar til Orknøyane då han vaks opp. Når han seinare tok namnet Ragnvald, var det truleg for å bli akseptert som rettmessig orknøyjarl. I Orknøyingasoga er han omtala som ein særs emneleg mann, framifrå vensæl og duglegare enn dei fleste andre. Diktet nedanfor[7], som han sjølv gjorde, vitnar om at han må ha vore ein særs evnerik mann, for si tid (norsk omsetjing frå Orknøyingasoga):

Tafl emk ǫrr at efla;
íþróttir kannk níu;
týnik trauðla rúnum;
tíðs mér bók ok smíðir.
Skríða kannk á skíðum;
skýtk ok rœk, svát nýtir;
hvártveggja kannk hyggja:
harpslôtt ok bragþôttu.
Idrottar kann eg nie:
Tavlspel er den eine,
dertil runer rista,
bøker rett å lese,
smide, ro når det trengst,
skjota, skri’ på skiom,
harpe-slått, det kann eg,
likeins skalde-yrket.

Berre femten år gamal var Ragnvald på kjøpmannsferd til England. Der møtte han Gille-Krist og det vart stort vennskap mellom dei[8]. Etter dette var han både i Bjørgvin og Trondheim og i fleire år var han på kjøpmannsferder om sumrane. Om vintrane var han heime hjå far sin, eller han var hjå frenden sin, Solmund, son til Sigurd Sneis i Tunsberg.

Då kong Sigurd Jorsalfare døydde i 1130 vart sonen Magnus teken til konge, men samstundes gjorde Gille-Krist (Harald Gille) krav på kongsnamn, fordi han var sonen til Magnus Berrføtt[9]. I Trondheim vart dei begge gitt kongsnamn og i tre år var dei samkongar. Våren 1134 kom det til eit stor slag ved Fyrileiv[10] der Ragnvald var med i hæren til Harald Gille. Magnus Sigurdsson sigra og Harald Gille rømde til Danmark. Om vinteren det same året kom Harald Gille attende med ei ny og større hær og tok makta i Noreg. Magnus vart teken til fange; han vart kastrert og blinda og vart for ettertida kalla Magnus Blinde. Hendingane blir rekna som byrjinga på borgarkrigstida i Noreg.

Ragnvald hadde halde fast på vennskapen med Harald Gille og støtta han i konflikta, det viste seg å bli lønsamt. I 1129 hadde Sigurd Jorsalfare gitt Ragnvald jarlsnamn og styringa over halve Orknøyane, men sidan Ragnvald hadde halde med Harald Gille, ville ikkje Magnus la denne gåva stå ved makt. Våren 1135 var Harald Gille blitt einekonge, og han stadfesta då at Ragnvald skulle ha Orknøyane, slik kong Sigurd hadde lova[11].

Orknøyjarlen[endre | endre wikiteksten]

Kart over Orknøyane, med den nordlege delen av Katanes (Caithness). Frå kartsamlinga til Nasjonalbibliotektet. Handteikna før 1850 av P.A. Munch.
Bygginga av St.Magnuskatedralen i Kirkwall var starta opp av Ragnvald jarl i 1137.

Orknøyane hadde Ragnvald sin tremenning, Pål Håkonsson, alt frå 1127 vore einejarl. Han sa tvert nei til å dele riket med Ragnvald. Sumaren 1135 drog Ragnvald med fem eller seks skip og mykje folk til Hjaltland, for å vinne riket sitt med makt. Han hadde alliert seg med Frakokk Moddansdotter[Note 1] og sonen hennar, Olve Rosta; dei skulle kome med ein hærflåte sørfrå. Men Pål jarl vann over styrken til Frakokk, han segla deretter nordover til Hjaltland for å finne styrken frå Noreg. Der kom han uforvarande på dei ei natt, drap mange av mennene til Ragnvald og tok skipa hans. Etter det gav Ragnvald opp og reiste attende til Noreg.

Hausten etter (1136) fekk Ragnvald seg nye skip og mannskap og gjorde ei ny ferd til Orknøyane. Denne gongen var det straks mange som gav seg under han. Mange gav då råd til Pål jarl om at han skulle byte landet med Ragnvald. Biskop Vilhelm vart beden om å mekle, det enda då med at øyriket vart skift mellom Ragnvald jarl og Pål jarl[12].

Det var ved dette høvet at Ragnvald, etter faren sitt råd, skal ha kalla på hjelp frå morbror sin, Magnus den heilage. Han lova at han, til ære for Magnus, ville late bygge ei steinkyrkje i Kirkwall «som det ikkje skal finnast maken til», om han fekk riket[13].

Litt etter hende det at den mektige orknøyske hovdingen Svein Åsleivsson tok Pål jarl til fange og førte han til Atholl i Skottland, der Pål si syster, Margret, var gift med Maddad jarl (mormaer)[14]. Pål jarl vart aldri spurt meir. Etter dette styrte Ragnvald jarl over Orknøyane åleine.[Note 2] To år seinare gjekk Ragnvald jarl med på at sonen til Margret, Harald Maddadsson, som då var berre omkring 5 år[Note 3], skulle få jarlsnamn og retten på halve riket, men at Ragnvald skulle styre for dei begge[15].

I samarbeid med faren Kol Kalesson og biskop Vilhelm sette Ragnvald i 1137 i verk bygginga av St. Magnuskatedralen i Kirkwall, slik han hadde lova. For å gjennomføre dei ambisiøse byggeplanane fekk Ragnvald bøndene på øyane til å gå med på å betale ein ekstra skatt (ei mork av kvart plogsland på alle øyane).

Pilegrimsferda[endre | endre wikiteksten]

Under ei vitjing til Noreg var Ragnvald jarl blitt overtalt til å gjere ei pilegrimsferd til det heilage landet. Harald Maddadsson jarl var då blitt vaksen og skulle styre over jarleriket medan Ragnvald jarl var borte. Sumaren 1152 la ferdafylgjet ut frå Orknøyane med 15 storskip. Mange norske stormenn var med, mellom andre Erling Skakke og Eindride Unge. Frå Orknøyane var mellom andre biskop Vilhelm med som skipsstyresmann. Mange skaldar var òg med på ferda; Odde Litle, Torbjørn Svarte, Sigmund Ongul og Årmod er nemnde. I Orknøyingasoga er ferda skildra over fem kapittel (86-90); det meste handlar om sjølve reisa og berre kort om opphaldet i det heilage landet. Etter dei hadde vitja Jerusalem, drog dei til Miklagard (Konstantinopel) og vitja den bysantinske keisaren Manuele[Note 4]. Derifrå siglde dei til «Pul» (Apulia i Italia), der Ragnvald jarl, saman med biskop Vilhelm og mange andre, gjekk av skipa, fekk seg hestar og gjorde heimvegen over land.

I Orknøyingasoga er det frå denne ferda sitert mange skaldevers, både av skaldane som var med og av Ragnvald jarl sjølv. Eit av høgdepunkta i forteljinga er då Ragnvald møtte Ermingjerd i Narbon (Ermengarde, Visekomtesse av Narbonne (1127-1197[16]). Ho må ha gjort eit sterkt inntrykk på han, og han gjorde fleire dikt om henne (sjå: Lausaviser[17] versa 15-17).

Ny uro på Orknøyane[endre | endre wikiteksten]

Medan Ragnvald jarl hadde vore borte, hadde et vore mykje ufred og intriger på Orknøyane[18]. To flokkar hadde kivast om makta i riket; Harald Maddadsson jarl var på den eine sida og Erlend Haraldsson[19] saman med Svein Åsleivsson, på den andre sida. Det hadde då gått slik at Harald Maddadsson jarl var sett til side, og bøndene hadde gitt støtte til Erlend slik at han skulle rå over heile Orknøyriket, men Ragnvald jarl skulle få attende sin lut, om han kom attende frå Jorsalferda.

Ved juletider 1155 kom Ragnvald jarl attende til Orknøyane, og det vart då halde eit stemnelag i Kirkwall, der det vart gjort ei semje mellom han og Erlend jarl om deling av riket.

Ei tid seinare var Ragnvald i Sudrland og gifte bort Ingerid, dotter si, til Eirik Stagbrell. På heimturen kom Harald Maddadsson jarl til han i Torså[20], og dei heldt stemnelag for å drøfte stoda til Harald jarl. Då vart det strid mellom flokkane deira, utan jarlane sitt vitande. Tretten av huskarane til Ragnvald jarl vart drepne og han sjølv vart såra i andletet. Det enda likevel med at dei vart samde om å fare imot Erlend jarl og Svein Åsleivsson. Fire neter før Simonsmesse[21] kom det til eit stort slag ved Skalpeid[22]. Mest heile hæren til Harald jarl og Ragnvald jarl vart drepne eller såra, men både Ragnvald og Harald kom seg undan. Ragnvald rømde til Knarrarstad (truleg Knarstane ved Scapa [23]) , ein av veitslegardane hans. Mennene til Erlend jarl kom dit på leiting etter han, men skalden Botolv Begla gjorde ei vise til dei, med villeiande opplysningar [24], slik at dei drog forbi garden og Ragnvald vart berga [25].

Erlend jarl la seg etter dette med flåten sin ved Damisøy[26]. Ei natt litt før jul, medan Svein Åsleivsson var bortreist, kom Ragnvald jarl og Harald jarl på dei og drap Erlend jarl (1156). Jarleriket vart på nytt delt mellom Ragnvald jarl og Harald jarl, men slik at Ragnvald rådde mest. Seinare forlikte dei seg med Svein Åsleivsson og samheldet mellom dei etter dette, var godt[27].

Drapet på Ragnvald jarl[endre | endre wikiteksten]

Torbjørn Klerk var son til Torstein Hold Fjatansmunn og mor hans var Gudrun, dotter til Frakokk Moddansdotter. Han var gift med Ingegjerd Olavsdotter, syster til Svein Åsleivsson, og han er omtala som ein klok mann, men for det meste vanskeleg å ha med å gjere. Han var fosterfar og rådgjevar til Harald Maddadsson jarl. Torbjørn Klerk drap Torarin Kyllenev som var hirdmann hjå Ragnvald jarl, og venen hans. For dette drapet lyste Ragnvald jarl Torbjørn Klerk fredlaus i heile riket.

Jarlane for om sumaren 1158 til Katanes for å veide etter hjort eller rein, slik som dei hadde for vane. På ein gard i Kalvedal[28] nær Torså, låg Torbjørn Klerk og mannskapet hans i løynd. Då jarlen og følgjet han kom fram til husa, kom mennene på dei og Ragnvald jarl vart drepen[29]. Torbjørn Klerk rømde frå staden, men litt seinare kom mennene til jarlen over han og drap han.

Liket til Ragnvald jarl vart ført til Kirkwall og gravlagt like ved St. Magnuskatedralen. Det var stor sorg etter han, for han hadde vore godt likt både der på øyane og vidt andre stader.

Etter at Ragnvald jarl var død, vart Harald Maddadsson jarl åleine på Orknøyane og Katanes, så lenge han levde.

Ragnvald vart rekna som heilag[endre | endre wikiteksten]

Etter ei tid vart det fortalt om under som skulle ha skjedd ved grava til Ragnvald jarl og folk tok til å tale om at han var heilag. Tretti år seinare var Bjarne Kolbeinsson biskop på Orknøyane og i 1192 vart beina tekne opp og «skrinlagt». Han skal ha fått pave Celestin III (1191–1198) til å erklære Ragnvald for heilag (kanoniseringa er ikkje bevist).[5]

Under restaureringsarbeidet i St. Magnuskatedralen i 1919 vart det funne restar etter to skjelett[30], som seinare vart murt inne i to av pillarane i katedralen. Beina er blitt undersøkt fleire gonger[31], og ein har då kunne påvise at beinrestane i den eine pillaren, truleg av Ragnvald jarl, var av ein mann, om lag 168,9 cm høg, estimert alder førti til femti år og med ein kraniekapasitet over normalen. (Dersom Ragnvald jarl var fødd i 1105, var han 53 år gamal då han døydde.)

Etter Orknøyingasoga (kap 104) døydde Ragnvald jarl fem netter etter «Mariamesse den fyrre»[Note 5] og minnedagen hans blir i Norden feira 21. august[5]. Dødsdagen blir rekna til 20. august.

Skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Ragnvald jarl var ein dugane skald og 35 lausaviser av han er kjende[17]. 32 av dikta finst i Orknøyingasoga.

Omkring 1145 gjorde Ragnvald jarl, saman med skalden Hall Torarinsson, diktet Háttalykill[32]. Namnet tyder «lykelen til versemålet» og handlar om heltar og kongar frå oldtida og dei gamle norske kongane. Diktet har om lag 50 ulike versemål og ein reknar med at det inneheld 82 vers, sjølv om mange av dei er mangelfulle.

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Pål Håkonsson
Samstyre med:
Harald Håkonsson
Ragnvald Kale Kolsson
Samstyre med:
Erlend Haraldsson
Harald Maddadsson
Harald Maddadsson
Samstyre med:
Erlend Haraldsson
Harald Eiriksson
Morbror hans var
Magnus den heilage.

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Frakokk Moddansdotter var ei mektig kvinne, dotter til Moddan på Caithness. Ho var syster til Helga Moddansdotter, mor til jarlen Harald Håkonsson (slettmæle). Frakokk heldt til i Sudrland, men ho og venene hennar stod for mange intriger, uro og drap på Orknøyane. Ho enda livet sitt omkring 1142, då Svein Åsleivsson brende husa på garden hennar, og alle som var inne.
  2. Det kom fram mistankar om at det var Ragnvald jarl som stod bak bortføringa og drapet på frenden sin, Pål jarl, men biskop Vilhelm avsanna dette, og skal ha sagt: «Eg trur det må vera andre som hev gjort dette uverket.»
  3. Morfar til Harald Maddadsson var Harald Håkonsson jarl som døydde i 1127. Harald Maddadsson var tre år i 1136, det året Pål jarl kom bort, slik et er sagt i Orknøyingasoga, kapittel 75, og han må difor ha vore fødd i 1133.
  4. Keisaren i Austromarriket i tida 1143-1180, var Manuel I Komnenos.
  5. «Mariamesse den fyrre» eller «Maria himmelfart» blir feira den 15. august.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Inges saga (Haraldssønnenes saga) heimskringla.no
  3. Aalholm, Olav Anton: "Om Bringsverd" i Aust-Agder Arv 1979-1980, "Omkring Aust-Agders lendmannsætter" i Agder historielag årsskrift nr.58, 1981.
  4. Løvhaug, Per (2011): Ragnvald den hellige. Fortellingen om Lista-gutten som ble jarl og helgen. Commentum forlag
  5. 5,0 5,1 5,2 Katolsk.no Den hellige Ragnvald Orknøyjarl (~1100-1158)
  6. Orknøyingasoga, kapittel 61
  7. Lausavise av Ragnvald jarl
  8. Gilchrist Harald 4 Gille Norsk biografisk leksikon
  9. Soga um Magnus Blinde (og Harald Gille) heimskringla.no
  10. Färlev (Fyrileiv) Store norske leksikon
  11. Orknøyingasoga, kapittel 62
  12. Orknøyingasoga, kapittel 73
  13. Orknøyingasoga, kapittel 68
  14. Harald Maddadson, Earl of Orkney and Caithness, 1139-1206 av Patrick Topping i «The Scottish Historical Review»
  15. Orknøyingasoga, kapittel 77
  16. Ermengard of Narbonne Epistolae: Medieval Women's Letters
  17. 17,0 17,1 Rǫgnvaldr jarl Kali Kolsson lausaviser, frå Skaldic Project
  18. Orknøyingsaoga, kapittel 82
  19. Erlend var son til Harald Håkonsson jarl (slettmæle)
  20. Torså: Thurso på nordkysten av Caithness
  21. Simonsmesse blir feira 28. oktober, slaget stod då 24. oktober
  22. Skalpeid er i dag Scapa
  23. Scapa Flow - The nerve centre and Knarr centre of the medieval earldom frå scapaflow.co
  24. Lausavise av Botolv Begla (Skaldic project)
  25. Orknøyingasoga, kapittel 94
  26. Damisøy er i dag Damsay
  27. Orknøyingasoga, kapittel 100
  28. Kalvedal er i dag Calder Dale
  29. Orknøyingasoga, kapittel 103
  30. NOTES ON DISCOVERIES IN ST MAGNUS CATHEDRAL av John Mooney, P.S.A.ScoT (1924)
  31. Remains of Saint Magnus and Saint Rognvald, Entombed in Saint Magnus Cathedral v/professor R. W. Reid
  32. Hattalykill av Hall Torarinsson og Ragnvald Jarl

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]