Nareau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nareau (kiribatisk for ‘edderkoppherren’) eller Nareau te Moa-ni-bai (‘edderkoppherren av dei fyrste tinga’) er ein skapargud frå mytologienGilbertøyane.[1]

I byrjinga var Nareau åleine på Te Bo ma Te Maki, ‘mørket og samanfattinga’.[1] Av sand og vatn skapte Nareau to urvesen, Na Atibu og Nei Teukez.[1]

Saman fekk dei fram fleire gudar: Te Ikawai (‘den eldste’), Nei Marena (‘‘kvinna imellom’), Te Nao (‘bølgja’), Na Kika (‘blekksprutherren’) og Ruki (‘ålen’). Til slutt blei Na Atibu riven sund, og kroppsdelane hans blei til verda. Antan Nareu sjølv eller ein yngre gud med det same namnet, «yngre edderkopp» eller Te Kikinto (‘urokråka’),[1] skapte sola og månen av Na Atibu sine auge, stjernene frå hjernen hans og jorda frå beina og kjøtet.[2][3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Cotterell, Arthur (2003). «Nareau» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-217747-6. 
  2. Cotterell, Arthur. (1989). The illustrated encyclopedia of myths & legends. Sydney: Collins Australia. s. 133. ISBN 0-7322-0099-7. OCLC 27581076. 
  3. «Micronesian Mythology | Encyclopedia.com». Henta 23. april 2020.