Areop-Enap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Areop-Enap eller Areow Eñab (naurisk for ‘gamle edderkopp’) har ei viktig rolle i den tradisjonelle nauriske skapingsmyta.

Skapingsmyta[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av skapinga var det einaste som var til Areop-Enap (ein edderkopp) og havet.[1] Areop-Enap leita etter mat i mørkret og fann ein enorm musling (i nokre versjonar ein Tridacna-musling).[2] Før ho kunne stoppa det, svelgde muslingen hennar og lukka seg att. I mørkret utforska Areop-Enap innsida av muslingen og fann ein liten snigel (i nokre versjonar sjøsnigelen Charonia tritonis).

Areop-Enap la snigelen under armen sin og la seg ned og sov i tre dagar, medan han retta ein del av krafta si til snigelen.[3] Så fann han ein annan, større snigel som han også la under armen, og sov i tre dagar att medan han overførte noko av krafta si til snigelen. Då Areop-Enap vakna, bad han den mindre snigelen å klatra opp til lukkemekanismen til muslingen og tvinga han opp. Medan snigelen gjekk over kjøtet til muslingen, la han etter seg eit spor av fosforescens. I lyset av dette såg Areop-Enap ein kvit larve (eller makk) som heitte Rigi. Han gløymde snigelen og kasta styrkande magi på Rigi og overtalte han til å prøve å opna muslingen.

Rigi sette hovudet mot det øvre skjelet og halen mot det nedre ei rekkje gonger, og pressa. Muslingen stod imot, og sveitten strøymde frå Rigi. Dette danna ein pytt i det nedre skjelet, deretter ein innsjø og til slutt eit hav. Saltet i vatnet drap muslingen og opna skallet. Areop-Enap gjorde det nedre skjelet om til jorda og det øvre til himmelen.[4] Han sette den minste snigelen vest for himmelskjelet, der han blei til månen. Den andre snigelen blei sett i aust, og blei til sola. Areop-Enap laga øyar av muslingkjøtet og kledde dei med vegetasjon han laga av sitt eigen edderkoppspinn. Til slutt vende han seg til Rigi, og fann ut at han hadde drukna i sin eigen sveitte, drepen av sine eigne anstrengingar. Areop-Enap slutta han inn i ein silke-kokong og hang han opp i himmelen for å bli til Mjølkevegen.

Areop-Enap skapte menneske av steinar slik at dei kunne støtte himmelen, og så oppdaga han at det var andre skapningar i den nyskapte verda. Så skapte han eit dyr med venger, eller ein fugl, som flaug ut av jorda under neglene hans og byrja å irritera skapningane slik at dei ville drepa han. På denne måten lærte Areop-Enap namna på dei som var til i verda.

Soga om Areop-Enap minnar om skapingssoger frå fleire nordamerikanske urfolk og sentralasiatiske folk.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Patricia Turner; Charles Russell Coulter (2001). Dictionary of Ancient Deities. Oxford University Press. s. 65. ISBN 0-19-514504-6. Henta 23 March 2009. 
  2. Roland Burrage Dixon (1964). Oceanic mythology. Forgotten Books. s. 236. ISBN 1-60506-952-3. Henta 23 March 2009. 
  3. Marilyn Reid (2007). Mythical Star Signs. Lulu.com. s. 116. ISBN 978-1-84753-623-5. Henta 23 March 2009. 
  4. 4,0 4,1 Leeming, David (2005). «Areop-Enap» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-515669-0. doi:10.1093/acref/9780195156690.001.0001/acref-9780195156690-e-127?rskey=oafoow&result=1.