Nasjonal sikkerheitsmyndigheit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nasjonal sikkerheitmyndigheit (NSM) vart oppretta som eit eige direktorat under Forsvarsdepartementet 1. januar 2003. NSM skal utvikle og koordinere førebyggjande sikringstiltak og kontrollere sikkerheita i staten, fylka og kommunane i tillegg til private verksemder som arbeider med varer eller tenester til det offentlege i samband med tryggingsgraderte innkjøp. NSM skal forvalte Sikkerheitslova av 1998.

Kart over norske militæranlegg[endre | endre wikiteksten]

I september 2018 publiserte NSM eit kart over stader i Noreg der det var forbode å bruka droner. Dei laut tola kritikk frå mange i samband med denne publiseringa fordi dei fleste militærinstallasjonar var med på dette kartet, inkludert dei strengt løynlege. Dette kunne hjelpe framand etterretning i å få stadfest desse anlegga.[1]

Klagar[endre | endre wikiteksten]

NSM er saman med PST og E-tenesta ei av tre hemmelege tenester i Noreg, og er underlagt kontroll av Stortingets EOS-utval.[2][3] I ei av klagesakene utvalget handsama i 2017, meinte dei at «NSM på en klar og sterkt kritikkverdig måte har krenket klagerenes rettigheter».[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.dagbladet.no/nyheter/topphemmelige-militaerbaser-avslort/70256719
  2. «EOS-utvalget». Stortingets Kontrollutvalg for Etterretnings-, Overvåkings- og Sikkerhetstjeneste, EOS-Utvalget. Arkivert frå originalen 2018-09-10. Henta 10. september 2018. 
  3. Sunde, Harald (3. mai 2010). «Ingen hemmelig tjeneste». Dagbladet.no. Henta 10. september 2018. 
  4. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/L0qaWP/nasjonal-sikkerhetsmyndighet-faar-sterk-kritikk-av-eos-utvalget


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]