Politiets tryggingsteneste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå PST)
Hopp til navigering Hopp til søk
Politiets tryggingsteneste har hovudkontor i Nydalen i Oslo
Foto: Hans-Petter Fjeld

Politiets tryggingteneste (PST, som står for Politiets sikkerhetstjeneste) er ein part Politi- og lensmannsetaten i Noreg, beinveges underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og jamstilt med Politidirektoratet. Tryggingstenesta har som oppgåve å ta vare på landets tryggleik andsynes terrorisme, sabotasje, industrispionasje (spionasje retta mot norske private og offentlege verksemder) og motarbeide spreiing av masseøydeleggingssvåpen. I samband med dette skal tryggingstenesta òg drive kontraetterretning, kontraspionasje. I motsetnad til den militære etterretningstenesta har Politiets tryggingteneste høve til å overvake norske borgarar i samsvar med særskilde reglar.

Politiets tryggingteneste har røter attende til åra 1936-1937. I 2002 vart namnet endra frå å vere Politiets overvakingsteneste (Politiets overvåkningstjeneste, avstytt til POT) til det noverande Politiets tryggingteneste (Politiets sikkerhetstjeneste, PST).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kristian Welhaven, den første leiaren i etterretningstenesta, var sentral både i skipinga av tenesta i 1937 og i gjenoppbygginga av henne etter andre verdskrigen.

I 1937 bestemte Justis- og politidepartementet, leia av justisminister Trygve Lie (Ap), at det skulle opprettast ei eiga etterretningsteneste med landsomfattande koordineringsansvar som administrativt var underlagt politimeisteren i Oslo. Tenesta fekk namnet Overvåkningssentralen, og var leia av politimeister Kristian Welhaven. Ved utbrotet av andre verdskrigen i Noreg 9. april 1940 gav Welhaven ordre om at arkivet til tenesta skulle øydeleggjast, og tenesta vart oppløyst.

I 1947 vart Overvåkningssentralen etablert på nytt etter den opphavlege modellen frå 1937, med Asbjørn Bryhn som leiar. Som på 1930-talet var tenesta formelt underlagt politimeisteren i Oslo, som framleis var Welhaven, og som var sentral i reorganiseringa. I 1955 vart Bryhn utnemnd til overvåkingssjef og var dermed ikkje lenger underlagt politimeisteren. Administrativt var Overvåkningssentralen likevel knytt til Oslo politikammer fram til 1980, då overvåkingstenesta vart skild ut som ein eigen sentral politiorganisasjon under namnet Politiets overvåkingstjeneste (POT). I samband med Politireform 2000 som vart verksam i 2002 endra Politiets overvåkingstjeneste namn til Politiets sikkerhetstjeneste (PST), og dei tidlegare regionale ledda vart lagt ned. PST har i dag ei sentral eining i Oslo og enkeltståande tenestemenn med eit regionalt ansvar. Alle politidistrikta i land har i dag ein eller fleire PST-tenestemenn, bortsett frå Oslo politidistrikt, der Den sentrale enhet i PST sit med ansvaret.[1]

Under den kalde krigen hadde POT størst fokus på kontraetterretningsarbeid for å motverke sovjetisk etterretning mot norske interesser, særlig verksemda til dei sovjetiske etterretningstenestene KGB og GRU. Dette kjem fram i saker som Asbjørn Sunde, Selmer Nilsen, Lygren-saka, Gunvor Galtung Haavik og Treholt-saka. POT dreiv òg overvaking av personer i Noreg som vart tiltrudde å sympatisere med Sovjetunionen.[2] [3] Etter den kalde krigen byrja POT og seinare PST òg å fokusera meir på andre typer truslar og på ekstremistgrupper, spesielt terrortruslar frå ikkje-statlege aktørar. Kontraetterretningsarbeid mot etterretning frå andre statar er framleis ei kjerneoppgåve, og i den opne trusselvurderinga frå 2015 vart det peika på at russisk etterretning foramleis har det største skadepotensialet.[4]

På 1990-talet vart POT si verksemd under den kalde krigen gjenstand for ei undesøking som resulterte i den sokalla Lund-rapporten som konkluderte med sterk kritikk til POT. Det vart då gjeve eit begrensa høve til å søkja Innsynsutvalget om innsyn i opplysningar om ein sjølvv i overvakingspolitiet sine register. Fristen for å søkje om innsyn gjekk ut 31. desember 2002.

I april 2012 sette justisminister Grete Faremo ned eit utvalg for å evaluera PST si arbeidsform, prioriteringar og ressursar i kjølvatnet av 22. juli-terroren.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Forvaltningsdatabasen
  2. «NOU 1998: 4 Politiets overvåkningstjeneste». 
  3. Rapport til Stortinget fra kommisjonen som ble oppnevnt av Stortinget for å granske påstander om ulovlig overvåkning av norske borgere («Lund-rapporten»)
  4. «PST mener russisk etteretning i Norge er en alvorlig trussel». NRK. 
  5. Lars Martin Gimse (3. desember 2012). «Utvalg mener PST må forbedre seg på 50 punkter». Aftenposten. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]