Nathaniel Gow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nathaniel Gow
Fødd1763
Død1831 (68 år)
OpphavKongeriket Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Instrumentfiolin, fele
Verka somfelespelar, komponist
FarNiel Gow
BornAugusta Packer

Nathaniel Gow (17631831) var ein skotsk musikar som var kjend for å framføra, komponera og arrangera tonar, songar og andre stykke. Han skreiv rundt 200 verk, mellom anna den populære «Caller Herrin'». Gow var den yngste sonen til den kjende felespelaren Niel Gow.[1]

Bakgrunn og karriere[endre | endre wikiteksten]

Nathaniel var son av Niel Gow og Margaret Wiseman, og blei fødd i Inver, nær Dunkeld i Perthshire, den 28. mai 1763. Både han og dei tre eldre brørne William, John og Andrew viste tidleg musikalsk talent.[2] Han blei fyrst lært å spela fele av faren, men blei så sendt til Edinburgh der han fekk opplæring av Robert «Red Rob» Mackintosh, så felespelaren Alexander McGlashan og til sist den eldre broren William Gow. Han lærte også å spela cello av Joseph Reinagle. I 1782 blei han utnemnd til kongeleg heroldtrompetist for Skottland.[2]

I 1796 skipa Gow ei forleggjar- og noteverksemd i lag med William Shepherd i 41 North Bridge i Edinburgh. Denne heldt fram til Shepherd døydde i 1813. Gow markerte seg som leiar for mange musikkgrupper, og var viktig ved mange samkome, som Caledonian Hunt Balls. Hertugen av Atholl var velgjeraren hans.[3]

Mellom 1799 og 1824 gav Gow ut fleire tonesamlingar, mellom anna nokre av den skotske komponisten Magdalene Stirling.[4]

Gow spelte for kong Georg IV ved The Royal Caledonian Hunt-ballet då kongen vitja Skottland i 1822.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Gow var gift to gonger. Han fekk fem døtrer og ein son med den fyrste kona si, Janet Fraser.[2] Ei av døtrene, Margaret, gifta seg med Adam Armstrong, ein europeisk pioner til kolonien Western Australia, i 1810.

Gow blei gift med den andre kona si, Mary Hog, i 1814, og dei fekk tre søner og to døtrer. Berre ei av døtrene hans, Augusta Gow, ser ut til å ha følgd i den musikalske familietradisjonen, og blei musikklærar i Edinburgh.[2]

Gow døydde i Edinburgh den 19. januar 1831, 67 år gammal.[5] Han blei gravlagd i Greyfriars Kirkyard.[2]

Den engelske komponisten David Gow, som levde og verka på 1900-talet, stamma frå Nathaniel Gow. Han tok opp sambandet i verket Six Diversions on an Ancestral Theme.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1.  Wood, James, red. (1907). «Gow, Nathaniel». The Nuttall Encyclopædia. London and New York: Frederick Warne. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Significant Scots: Nathaniel GOW». Electric Scotland. Henta 5. juli 2020. 
  3. «Archive - Fiddles and Fiddlers». Nefa.net. Henta 5. juli 2020. 
  4. «Miss Stirling of Ardoch». Traditional Tune Archive (på engelsk). 21. oktober 2019. Henta 21. november 2021. 
  5. Baptie, David (1894). Musical Scotland : past and present : being a dictionary of Scottish musicians from about 1400 till the present time ... (2nd utg.). Paisley: J. and R. Parlane. s. 68. 
  6. Obituary, The Guardian, 27. februar 1993