Niel Gow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niel Gow

Fødd22. mars 1727
Død1. mars 1807 (79 år)
OpphavSkottland
InstrumentFele
Verka somkomponist, felespelar
BornNathaniel Gow

Niel Gow (1. januar 17271. januar 1807) var den best kjende skotske felespelaren på 1700-talet. Mange av tonane hans blir framleis spelte på folkedanstilstellingar i dag.

Gow var fødd i Strathbraan i Perthshire i 1727 som son av John Gow og Catherine McEwan. Familien flytta til Inver i Perthshire då Niel var liten. Han byrja å spela fele då han var svært ung, og fekk frå han var 13 den fyrste formelle musikkopplæringa si frå ein John Cameron.

Sjølv om han verker å ha vore litt av eit vedunderbarn innan musikk, fekk Gow fyrst opplæring som vevar, men gjekk etterkvart over til å bli musikar på heiltid. Han var vidt rekna som den beste felespelaren i Perthshire, eit område som var kjent for musikarane sine. Ei soge fortel at då han var 18 deltok han i ei tevling der ein blind musikar, John McCraw, var dommar. McCraw gav han fyrsteplassen og sa at han «would ken his bow hand among a hunder players» (kunne kjenna at stilen til Niel blant hundre andre spelemenn). Dette gav Gow merksemda til hertugen av Atholl,[1] som blei mesénen hans, og også sørga for at Niel Gow blei hyra til ball og dansetilstellingar av den lokale adelen.

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje John Glen (1895) har Niel Gow komponert, eller er tillagt, åttisju dansemelodiar. Desse tonane dannar grunnlaget for mykje av musikken til Scottish country dance den dag i dag. Ein må likevel ta med at ein del av materialet ikkje nødvendigvis berre var skrive av han; Glen hevdar at minst ein fjerdedel av dei åttisju tonane anten er avleidde frå eldre tonar eller er kopiar av låtar som er gjevne ut tidlegare andre stader, ofte under ein annan tittel. Biographical Dictionary of Eminent Scotsmen meiner at Gow sin air Locherroch Side kan ha danna grunnlag for Robert Burns sin ballade «Oh! stay, sweet warbling Woodlark, stay.»[2] Slike lån var ein vanleg praksis på denne tida, og ser ikkje ut til å ha skadd omdømet hans. Henry Raeburn fekk i oppdrag å måla portrett av han fleire gonger.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Niel Gow var gift to gonger. Den fyrste kona hans var Margaret Wiseman, som han fekk fem søner og tre dltrer med. Sønene William, Andrew (1760), Nathaniel (1763)[3] og John (1764) følgde alle i fotspora til faren som spelemenn og komponistar av felemusikk; to av døtrene var Margaret (1759) og Grizel (1761). Den yngste sonen, Daniel (1765), døydde som liten. William døydde i 1791, då han var 40, og Andrew døydde i 1794 då han var 34. Av sønene til Niel er Nathaniel den best kjende og var også ein velrenommert komponist av skotsk musikk, med nær to hundre songar til sitt namn.

Etter å ha blitt enkjemann gifta Gow seg opp att med Margaret Urquhart frå Perth i 1768. Dei hadde eit lukkeleg ekteskap til ho døydde i 1805, noko som fekk Gow til å skriva ein av dei best kjende tonane sine, «Niel Gow's Lament for the Death of his Second Wife».

Gow døydde i 1807, då han var 80.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Den årlege Niel Gow Fiddle Festival blir halden i Dunkeld and Birnam i Perthshire. Han blei skipa i 2004 for å feira livet og musikken til Gow, og omfatta ein innsamlingskampanje for å reisa eit passande minnesmerke til han i Dunkeld and Birnam.[4]

Etter ein innsamlingsaksjon blei det bestilt ein minnestatue av Gow frå bilethoggaren David Annand. Han blei sett opp og avduka i desember 2020.[5]

Den engelske komponisten David Gow frå 1900-talet er ein etterkomar av Niel Gow. Han minnast slektsbandet gjennom verket Six Diversions on an Ancestral Theme.[6]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Admiral Nelson
  • Niel Gow's Lament For the Death of His Second Wife [7][8]
  • Dunkeld Bridge
  • Farewell to Whisky
  • The Stool of Repentance
  • The Duchess of Athole’s Skipper
  • The Athole Volunteers March
  • Miss Stewart of Grantully
  • Highland Whisky
  • Niel Gow’s Lamentation for James Moray, Esq., of Abercarney
  • Major Graham of Inchbrakie
  • Lady Ann Hope’s Favourite

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Quadriga Consort CD "By Yon Bonnie Banks" ORF Early Music Edition, Wien 2007
  • Scotland's Pete Clark: In the Footsteps of Niel Gow
  • Even Now, The Music of Niel Gow by Pete Clark, Smiddymade, 1998
  • Niel Gow’s Fiddle by Pete Clark & Muriel Johnstone, Inver 229, 2017

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Archived copy» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 21 July 2011. Henta 25. mai 2011. 
  2. "Gow, Niel". Biographical Dictionary of Eminent Scotsmen Volume 2. Glasgow: Blackie & Sons, 1875. p153. Accessed on 2013/08/20.
  3. «Scottish Fiddle». Fiddlingaround.co.uk. Henta 5. juli 2020. 
  4. «Niel Gow (Neil Gow) - Annual Scottish fiddle festival». Niel-gow.co.uk. Henta 5. juli 2020. 
  5. «Niel Gow statue unveiled near childhood Perthshire home after 17 year campaign by fans». The Courier. 10 December 2020. Henta 23 December 2020. 
  6. Obituary, The Guardian, 27. februar 1993
  7. «Niel Gow». Arkivert frå originalen 20 March 2016. Henta 16 June 2014. 
  8. «WebCite query result». Webcitation.org. Arkivert frå originalen 25. oktober 2009. Henta 5. juli 2020. 
  • Denne artikkelen bygger på «Niel Gow» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2023.
  • The Glen Collection of Scottish Dance Music, republished by the Highland Music Trust, 2001 (ISBN 0-9541478-1-2).
  • Clark, Pete. Even Now: The Music of Niel Gow. Smiddymade Recordings, Perthshire, Scotland, 1999 (SMD615). CD album with extensive album notes. Fifteen tunes by Niel Gow played by Pete Clark on Niel Gow's own fiddle and recorded in the ballroom of Blair Castle, a frequent eighteenth-century Niel Gow venue. (The Raeburn portrait above, posted by the author of this article, is part of the Blair Castle Collection.)
  • The Fiddle Music of Scotland by James Hunter. Edited by Alastair Hardie and William Hardie published by The Hardie Press, 1988. (ISBN 978 0 946868 04 9)
  • Scottish Fiddle Music in the Eighteenth Century; A Music Collection and Historical Study By David Johnson publishes by Mercat Press, 1984. (ISBN 1-84183-083-6)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]