Nazarovo
| Nazarovo | |||
| Назарово | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Krasnojarsk kraj | ||
| Høgd | 240–270 m | ||
| Areal | 80 km² | ||
| Folketal | 45 333 (2021) | ||
| Grunnlagd | 1700 | ||
| • Bystatus | 1961 | ||
| Retningsnummer | +7 39155 | ||
![]() Nazarovo 56°00′23″N 90°23′29″E / 56.006388888889°N 90.391388888889°E | |||
| Wikimedia Commons: Nazarovo (Krasnoyarsk Krai) | |||
Nasarovo (russisk Назарово) er ein by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg på venstre bredda av elva Tsjulym, ei sideelv til Ob, rundt 240 km vest for Krasnojarsk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagt i 1700 av Nasari Patjukov, nær staden der elva Adadymka munnar ut i Tsjulym.
I 1786 vart landsbyen nemnt som Nasarovskij, kalla opp etter grunnleggaren og busett av 15 familiar. Byen tente òg som eksilby, til dømes for dekabristen Anton Arbusov, som døydde her.
I 1888 vart det oppdaga førekomstar av brunkol i området. Etter den andre verdskrigen starta utvinninga i stor stil, med utbyggingen av det første dagbrotet mellom 1947–1953.
Så følgde bygging av eit varmekraftverk. I 1946 fekk landsbyen status som urbanliknande busetnad og i 1961 fekk Nasarovo bystatus.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Forutan kolutvinning og energiforsyning (varmekraftverket Nasarovskaja GRES) finst det i byen verksemder innan maskinbygging, bygningsindustri (stål- og betongkonstruksjonar, isolasjonsmaterial) og møbelindustri.
Nasarovo ligg ved ein jernbane som knyt Atsjinsk ved den transsibirske jernbanen med Abakan ved den sørsibirske jernbanen. Bygginga av denne jernbanestrekninga starta i åra før første verdskrig, men vart ikkje fullført før i 1925.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nazarovo» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.
