Hopp til innhald

Norilsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norilsk
Норильск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Høgd 90 m
Areal 23,16 km²
Folketal 175 773 (1. januar 2025)[1]
Grunnlagd 1935
   Bystatus 1953
Postnummer 6633xx
Retningsnummer (+7)3919
Kart
Norilsk
69°20′00″N 88°13′00″E / 69.333333333333°N 88.216666666667°E / 69.333333333333; 88.216666666667
Wikimedia Commons: Norilsk

Norilsk (russisk Норильск) er ein by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 175 000 innbyggjarar. Han er den nordlegaste byen i verda med meir enn 100 000 innbyggjarar. Byen har òg ein av dei største førekomstane av nikkel i verda og vart grunnlagd i 1935.

MMC Norilsk Nikel er eigarane av nikkelførekomstane, og ei hjørnesteinsbedrift i byen. Dette er det same firmaet som eig smelteverket i Nikel ved grensa til Noreg. På grunn av at malmen frå Norilskgruvene er særs urein, har dette ført til at byen er rekna som ein av dei mest forureina i verda.[2] I følgje enkelte estimat kan så mykje som 1 % av all utslepp av svoveldioksid kome frå denne byen. Jordsmonnet ved byen er så forureina at det er økonomisk forsvarleg å vinne ut førekomstane av platina og palladium frå jorda.[3]

Norilsk er ein lukka by for utlendingar (bortsett frå belarusarar).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Norilsk