Nes kyrkje i Bjugn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°47′5.6868″N 9°36′14.800″E

Nes kyrkje
kyrkje
Nes kirke 011.jpg
Foto: Jens Jalmar
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Fosen
Sokn Nes
Fellesråd Bjugn
Arkitekt Otinius Forbrægd (1879)
John Tverdahl (1958–59)
Byggmeister G.O. Olsen
Material Tre
Innvigd 18. april 1879
 - Endringar Rest. 1958–59, 2002–03
Tårn I vest
Kor Rett avslutta
Klokker 1, L. Rustad (1878)
Kyrkjegard Ja
Preikestol Frå 1878; evangelistbilete måla av Paul Størseth 1959
Døypefont Av kleberstein (1879)
Altartavle Birger Andresen (1959) e. John Tverdahl
Orgel Brødr. Torkildsen (1913)
Sitjeplassar 350
Wikimedia Commons: Nes kyrkje i Trøndelag
Interiør
Foto: Jens Jalmar

Nes kyrkje er ei langkyrkje i Bjugn kommune i Sør-Trøndelag fylke. Ho har 350 sitjeplassar.[1] Til grunn for oppføringa nytta ein teikningar utarbeidd av Otinius Forbrægd for Jøssund kyrkje.

Altartavla er teikna av John Tverdahl og skore av Birger Andresen i 1959. Motivet er oppstoda. I tårnfoten heng to bilete som ein trur er måla av Peder Andersen Lilje for om lag 300 år sidan. Det eine er ovalt og framstiller Jesus i vinpressa. Det andre er rektangulært og skal vere måla i kopi etter Albrecht Dürer sitt bilete «Schmerzensmann». Dette siste har truleg vore brukt i ei altartavle.

Tidlegare kyrkjer i Nes[endre | endre wikiteksten]

Nes har hatt kyrkje sidan før reformasjonen. Dei tidlegare kyrkjene stod på garden Nes (gnr. 10), medan dagens kyrkje står på Berg. Eldste kjende omtale er frå perioden 1520–36.[2] Denne kyrkja vart omfattande vøla på 1600- og 1700-tallet og brann ned til grunnen i 1770. Ei ny kyrkje stod klar i 1774. Denne stod til dagens kyrkje vart teken i bruk. Så vart ho teken ned og frakta til Fyrde i Volda, der ho vart innvigd som Austefjord kapell i 1879.

Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrkjesøk
  2. Brendalsmo (2016), s. 59.