Netteger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Netteger
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Nebbmunnar Hemiptera
Infraorden: Cimicomorpha
Overfamilie: Tingoidea
Familie: Netteger Tingidae
de La Force, 1832

Netteger (Tingidae) er ei lita gruppe insekt som høyrer til nebbmunnane. Namnet sitt har dei fått av mønsteret dei har på oversida av vengjene, som òg har gjeve dei det engelske namnet sitt lace-bugs - kniplingsteger. Dyra i gruppa er særs små og vert ofte oversett av insektsamlarar, så ein veit ikkje veldig mykje om dei. Frå Noreg er det registrert 15 artar[1] av totalt litt over 2000[2]. Frå Europa kjenner ein totalt 190 artar og underartar.[3]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Nettegene er små insekt som måler mellom 2 og 5 millimeter[4]. Kroppsforma er gjennomgåande oval, og som mange andre teger flattrykt sett frå sida. Forbrystet protonum er stort og går så langt attende at det som oftast dekkjer scutellum - den delen av mellombrystet som vanlegvis er synleg i det øvre skiljet mellom dekkvengjene. Heile forbrystet og dekkvengjene er dekt med det karakteristiske nettmønsteret. Gruppa kan forvekslast med ei anna artsfattig tegefamilie, Piesmidae, men desse har fri scutellum.

Mange nettegeartar har skarpe og tydelege kjølar på vengjene og / eller forbrystet. Dette er dekt av det same nettet som resten av oversida av dyret. Saman med taggane dei ofte har på hovudet er kjølane sentrale i artsbestemming av desse insekta. Rundt kroppen har dei òg ofte bremmar som anten kan vera flate, vassrette eller i bogeform.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Nettege i elektronmikroskop.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Alle netteger er planteetarar som syg saft or vertsplanten med komplisert oppbygde sugesnablar. Ein finn dei sjeldan andre stadar enn på eller umiddelbart i nærleiken av planten dei beitar på, dette kan vera så ulike artar som malurt, tusenfryd, blåbær, mose eller tistlar. Dei færraste artane kan gjera noko særleg med skade på planten sin, men det er rapportert at Stephanitis rhododendri og S. oberti kan gjera skade på rhododendron.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Det er særleg innanfor Stephanitis-slekta biologien er godt kjend. Her vert egga lagde om hausten, fest i klyngar til midtnervene til blad. Insektet dekker dei med eit sekretlag som stivnar til etter kvart. Nymfane vert klekt i mai-juni, og vert kjønnsmogne i juli etter få hudskifte. Dei vaksne insekta døyr om vinteren, noko som gjer at livssyklusen til desse dyra er eittårig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]