Neuwied
| Neuwied | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Rheinland-Pfalz | ||
| Region | Ingen | ||
| Landkreis | Neuwied | ||
| Høgd | 60 m | ||
| Areal | 86,5 km² | ||
| Folketal | 66 243 (31. desember 2023) | ||
| Grunnlagd | 1653 | ||
| Postnummer | 56501–56567 | ||
| Retningsnummer | 02631, 02622 | ||
| Bilnummer | NR | ||
![]() Neuwied 50°25′43″N 7°27′41″E / 50.428611111111°N 7.4613888888889°E | |||
| Wikimedia Commons: Neuwied | |||
Neuwied er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg der elva Wied munnar ut i Rhinen ved den høgre breidda til Rhinen, 12 km nordvest for Koblenz, på jernbanelinja frå Frankfurt am Main til Köln.
Neuwied vart grunnlagd av grev Fredrik av Wied i 1653, nær landsbyen Langendorf, som vart øydelagd under trettiårskrigen. Sidan byen tok imot alle mogelege religiøse samfunn voks han raskt. Mellom anna søkte det herrnhutiske brorskapet tilflukt i byen.
Nær Neuwid har ein grav ut ein av dei største romerske festningane (castra) langs Rhinen.
I april 1797 slo den franske generalen Louis Lazare Hoche austerrikarane nær Neuwied, noko som var den første avgjerande suksessen i den franske revolusjonskrigen. Neuwied var heimbyen til Vilhelm av Wied, som ei kort tid i 1914 var konge av Albania.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Neuwied» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2007.
