Neve Shalom-synagogen i Istanbul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Neve Shalom-synagogen i Istanbul
Neve Şalom, Istanbul.jpg

Neve Shalom-synagogen (hebraisk נְוֶה שָׁלוֹם nəve šālōm, ‘fredslunden’; tyrkisk skrivemåte Neve Şalom) i Istanbul er ein sefardisk synagoge i Beyoglu-distriktet i Istanbul i Tyrkia.

Etter at den jødiske befolkninga i dei gamle Pera- og Galata-distrikta (i dag samanslegne under namnet Beyoglu-distriktet) voks frå slutten av 1930-talet av, vart ein jødisk barneskule riven i 1949 for å byggje ein ny synagoge, og denne stod ferdig i 1951. Arkitektane Elyo Ventura og Bernar Motola, to unge tyrkiske jødar, stod for utforminga av synagogen. Vigslinga fann stad med den daverande tyrkiske overrabbinaren Rafael Saban til stades på søndag den 25. mars i 1951 — som svarar til 17. adár II år 5711 etter jødisk tidsrekning.

Neve Shalom er den største sefardiske synagogen i Istanbul og held gudstenester hovudsakleg på sjabbát, dei høge helgedagane og i samband med bar misvá-feiringar, gravferder og bryllaup.

Terroråtak[endre | endre wikiteksten]

Neve Shalom-synagogen har vorte utsett for tre terroråtak:

  1. 6. september 1986 - 22 menneske drepne; truleg utført av Abu Nidal.
  2. 1. mars 1992 - handgranatangrep, ingen drepne; truleg utført av den tyrkiske greina av Hizbollah.
  3. 15. november 2003 - om lag 15 menneske drepne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]