Abu Nidal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Abu Nidal (193716. august 2002), opphavleg Sabri al-Banna, var ein palestinsk politisk leiar og grunnleggjaren av organisasjonen Fatah — Det revolusjonære rådet (Fatah al-Majles al-Thawry), også kjend som Abu Nidal-organisasjonen (ANO). Organisasjonen hans vart danna etter ei splitting med Yassir Arafat og Fatah.

Namnet «Abu Nidal» var eit sjølvvalgt nom de guerre som tyder 'far åt kampen' eller 'far åt Nidal'. Eldstesonen hans heitte Nidal.

70- og 80-talet var Abu Nidal rekna som ein av dei verste terroristane i verda. Han er meir eller mindre knytt til hendingar som München-massakren i 1972, okkupasjonen av den saudiarabiske ambassaden i Paris og kapringa av eit KLM-fly frå Beirut til New York og Tokyo i 1973 og bombinga av TWA Flight 841 frå Tel Aviv til New York i 1974 og ei rekkje andre bombeåtak og kapringar. Han var også knytt til fleire attentat og attentatforsøk. I 1974 skal han ha planlagd eit attentat på Yassir Arafat og Mahmoud Abbas. For dette blei han dømt til døden av PLO, og allierte seg tettare med Irak under Saddam Hussein.

Abu Nidal døydde etter at han vart skoten mellom ein og fire gonger i Bagdad i august 2002. Palestinske kjelder meiner han vart avretta på ordre frå Saddam Hussein, medan irakiske styresmakter hevdar han tok sitt eige liv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]