Nieuwe Merwede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning over Niwuew Merwede-kanalen, om lag 1868 (stipla linje).

Nieuwe Merwede («Nye Merwede») er ein kanal som vart bygd i 1870 for å lage ei grein i Rhinen-Maas-deltaet. Han vart grave ut langs fleire mindre bekkar for å redusere faren for flaum ved å ta vatn bort frå Beneden Merwede, og for å regulere elvetrafikken i det stadig meir tilmudra deltaet.

Ho er ein av fleire elvar som heiter Merwede. Elva Boven Merwede («Øvre Merwede»), ei fortsetjing på Rhinen-Waal og Maas (i dag Afgedamde Maas) elvane etter dei renn saman ved Gorinchem, deler seg ved byen Hardinxveld-Giessendam i elvane Beneden Merwede («Nedre Merwede») i nordvest og Nieuwe Merwede i sørvest. Nieuwe Merwede renn saman med Bergse Maas nær Lage Zwaluwe og dannar estuaret Hollands Diep, og skil øya Dordrecht frå Biesbosch nasjonalpark.

Det er ingen bruer eller tunnelar som kryssar Nieuwe Merwede, men ei bilferje går frå Dordrecht i vest ved Kop van 't Land til Brabantse Oever i Werkendam (Biesbosch).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]