Dordrecht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dordrecht
Pottenkade i Dordrecht
Pottenkade i Dordrecht
Flagget til Dordrecht Byvåpenet til Dordrecht
Flagget til Dordrecht Byvåpenet til Dordrecht


Plassering
Plassering av  Dordrecht
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Zuid-Holland
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

99,45 km²
  79,53 km²
  19,92 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

118 613
  1 491/km²
Koordinatar 51°48′″N 4°40′″EKoordinatar: 51°48′″N 4°40′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.dordrecht.nl


Dordrecht er ein by og kommune i provinsen Zuid-Holland i Nederland med om lag 120 000 innbyggjarar. Han er den tredje største byen i provinsen. Kommunen dekkjer heile øya Dordrecht som grensar til elvane Oude Maas, Beneden Merwede, Nieuwe Merwede, Hollands Diep og Dordtsche Kil.

Namnet Dordrecht kjem frå Thyre, namnet på elva og det mellomnederlandske drecht som tyder «kanal».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd langs elva Thure midt i ei torvmyr. Denne elva var ei grein av elva Dubbel og rann om lag nær elva Bagijnhof. I 1049 vart byen nemnd i skriftlege kjelder for første gong. Grev Dirk IV vart myrda dette året nær Thuredrech.

Dordrecht fekk byrettar av Vilhelm I av Holland i 1220 og han er derfor den eldste byen i Holland.

I 1253 vart det grunnlagd ein latinskule i Dordrecht. Han eksisterer framleis som Johan de Witt Gymnasium og er det eldste gymnaset i Nederland. Frå 1600 til 1615 var Gerhard Johann Vossius rektor ved denne skulen.

16. april 1421 råka St. Elisabeth-flaumen store delar av Sør-Holland og gjorde at Dordrecht vart ei øy. Over 100 000 menneske omkom i flaumen.

På grunn av den strategiske plasseringa til byen, utvikla han seg til ein viktig handelsby. Handelen bestod hovudsakleg av vin, tømmer og korn.

Dordrecht av Aelbert Cuyp.
Plan over Dordrecht frå 1868.

I 1572 samla representantar frå alle byane i Holland seg i Dordrecht for å erklære seg sjølvstendig frå Spania og anerkjende Vilhelm av Orange som leiaren for den nye nederlandske staten.

I 1618/1619 fann eit viktig kyrkjemøte stad, kalla synoden i Dordrecht, som avslutta ein teologisk strid mellom ortodokse kalvinistar og liberale arminianistar som førte landet til randen av borgarkrig.

Frå 1780 til 1787 var Dordrecht senter for patriotane som ville fjerne den arvelege statthaldarpsosisjoen til Huset Orange-Nassau. Nederland var trass alt ein republikk de jure. Like etter følgde fleire byar etter og William V flykta frå Holland. Svigerbror hans, kong Fredrik Vilhelm II av Preussen, hjelpte Vilhelm V og 18. september 1797 kapitulerte Dordrecht til prøyssiske troppar. Patriotane vart slått og Vilhelm V vart gjenninnsett som statthaldar.

På 1700-talet vart Dordrecht mindre viktig og Rotterdam vart den største byen i regionen. Dordrecht hadde likevel ein nøkkelposisjon i forsvaret av Holland og hadde militære avdelingar til langt ut på 1900-talet. Under mobiliseringa i august 1939 vart infanteri og artilleri sendt til Dordrecht for å forsvare øya.

Mot slutten av den andre verdskrigen under vinteren 1944-45 låg Dordrecht og området rundt midt i krigssona mellom dei to fiendane. Grensa mellom okkuperte og frigjorde område gjekk langs Hollands Diep.

I 1970 vart kommunen Dubbeldam (om lag 10 000 innbyggjarar) og den sørlege delen av kommunen Sliedrecht ein del av Dordrecht slik at heile øya Dordrecht vart ein enkelt kommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dordrecht

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]