Nikab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvinne frå Jemen med nikab.
Kvinner med nikab i Tyrkia

Nikab (niqāb) er eit hovudplagg som dekker heile andletet, men ikkje auga.[1] Plagget vert bore av nokre muslimske kvinner som ein del av ein heldekkende hijab. Plagget vert brukt mykje i delar av Midtausten, men kan òg finnast brukt i Nord-Afrika, Søraust-Asia og det Indiske subkontinent. Plagget er mest utbreidd i landa på Den arabiske halvøya.[2]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Det vert av og til hevda at ansiktsløret opphavleg var ein del av kvinna si bekledning i nokon klasser i det bysantinske imperiet, og at det så vart teke inn i muslimsk kultur etter den arabiske erobringa av Midtausten.[3] Likevel, sjølv om bysantinsk kunst før Islam viser kvinner med tilsløra hovud/hår, så viser den aldri kvinner med tilsløra andlet. Den greske geografen Strabo, som skreiv i det første århundret e.Kr. refererer til nokre persiske kvinner som dekte andletet, og den kristne forfattaren Tertullian, som levde i det tredje århundret, refererer i sit verk Tilsløringen av jomfruer til to heidenske kvinner i Arabia som ber eit slør som dekker heile andletet.[4] Desse tidlege kjeldene viser at det fanst bruk av ansiktslør blant kvinner i Arabia og Persia lenge før Islam.

Forbod[endre | endre wikiteksten]

Nytta av ansiktdekkende slør har vore omstridt moderne tid. Spesielt i den vestlege verda der enkelte land har nedlagt forbod mot det. I 2015 fekk Frankrike medhold av Den europeiske menneskerettsdomstolen for eit slikt forbod for offentleg tilsette. Eit tilsvarande forbod mot å dekkja til andletet på offentleg stad fekk støtte frå same domstol i 2014.[5] Fleire andre land har heilt eller delvis forbod eller restriksjonar mot ansiktdekkende slør.

Plagget er òg forbode i fleire muslimske land, blant dem Syria, Tyrkia og Egypt.[treng kjelde]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nå kan du skrive «kviss» og «nikab» på norsk». Trønder-Avisa. 11. desember 2015. Henta 11. desember 2015. 
  2. Facinghistory - A Brief History of the Veil in Islam (besøkt 29.11.2015)
  3. Se for eksempel F.R.C. Bagley, "Introduction", in B. Spuler, A History of the Muslim World.
  4. The Veiling of Virgins Ch. 17.
  5. NRK - Slør-forbud ikke i strid med menneskerettighetene (27.11.2015)