Hidsjab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plakat i Aceh i Indonesia som demonstrerer «feil» og «rett» muslimsk klesdrakt i følgje den lokale tolkinga av hidsjab.
Foto: Nick Treacy, 2005

Hidsjab eller hijab (utt. hidsjab), av arab. hajaba, 'dekke', er eit muslimsk omgrep som kan visa til tekkelege klede og oppførsel, men viser i vestleg samanheng særleg til eit tettsitjande tørkle som blir brukt av kvinner til å dekka håret, halsen og skuldrene med.[1] Rett tildekking er føreskrive i Koranen, og er viktig for mange muslimar, særleg i samband med bøn. Det er derimot ikkje semje innan den muslimske verda nøyaktig kva som er område som bør skjulast (awra) og kva tid ein bør gjera det. Bruk av hidsjab kan vera omstridd, og det finst døme på lovar og tvang både for å få folk til å bruka ei viss form for hidsjab og å få dei frå det.

Religiøs bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Koranen bruker ordet «hidsjab» om menneske berre i samanheng med eit forheng som skal skilja Profeten Muhammed sine koner frå framande. Men han oppmodar fleire stader alle muslimar til å senka blikket og å kle og te seg sømmeleg.[2] I ulike overleveringar (hadith) av kva Profeten og dei rundt han sa og gjorde går det fram at profetkonene, som levde etter særskilde reglar, blei skjulte frå menn dei ikkje var i slekt med gjennom forheng eller slør etter ekteskapet hans med Aisja. Det blir og nemnd at andre kvinner rundt Profeten brukte slør. Andre overleveringar forbyr menn luksustøy, som silke eller brokade, prangande slep, og klede farga gule eller raude; safranfarging er nemnd særskild.[3]

Menn i det muslimske landet Bangladesh ber ulike klede som tilfredsstiller hidsjab-krava. Dei fleste har dekt til overkroppen, og beinkleda rekk ned til oklene, men ikkje lengre.

Seinare muslimsk drakt har vore prega av dei ulike kulturane religionen kom til, og av tolkingane til skriftlærde. Retningsliner som at kleda ikkje skal vera ettersitjande eller gjennomsiktige og dermed visa kroppen, ikkje utforma for å tiltrekka det andre kjønnet og ikkje likna kleda til det andre kjønnet er døme på nokre vanlege generelle reglar.[4]

Klede skal òg skjule dei delane av kroppen som er private (awra) i samband med bøn og framfor folk som ikkje er i slekt, men her er det usemje blant dei lærde. Det går klart fram i Koranen at menn må dekka kroppen sin frå navlen til knea i samband med bøn. Overleveringar fortel at dei også blir oppmoda til å dekka skuldrene. Kleda kan rekka ned til oklene, men ikkje lengre.[5] Kva del kvinner bør dekka er meir omdiskutert. Innan sunniskulane (hanafi, shafi'i, maliki og hanbali) er ein stort sett einige om at heile kvinnekroppen bortsett frå fjes og hender bør tildekkast. Hanbali-skulen og nokre delar av den fundamentalistiske salafi-rørsla meiner òg at fjeset skal dekkast til.[6] Nokre meiner ein også bør dekka til ansiktet og i nokre høve også eine auget. Eit mindretal av skriftlærde meiner ein ikkje treng dekka hovudet, til dømes fordi hovudplagga fanst før islam og dermed ikkje kan kallast muslimske, eller fordi ein i nokre samfunn vil få meir merksemd med slikt dekke enn utan, noko som tek bort vitsen.[7]

Hidsjab i moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser bruk og juridisk stilling til hidsjab. Mørkegrønt tyder påbod, grønt tyder utbreidd, gult tyder ganske vanleg og oransje tyder noko brukt. Stader med hidsjabforbod innan politikk eller skulevesen er markert med raude prikkar.

Bruk av ulike former for hidsjab har vore eit stridstema sidan 1900-talet, og er blitt påbode eller forbode i ei rekkje land. For mange muslimar er hidsjab blitt eit symbol på muslimsk fromheit, moral og identitet, og i fleire høve også på ei støtte for islamisme. For sekulære og ikkje-muslimar kan derimot synleg hidsjab-bruk vera eit trugsmål mot eit sekulært samfunn, eller tildekking av kvinner eit symbol på kvinneundertrykking.

Bytte av hidsjab mot vestlege klede har vore eit teikn på modernisering og sekularisering i land som Tyrkia og Tunisia. Nokre land med islam nedfelt i lovverket, som Iran og Saudi-Arabia, har derimot innført påbod om å bera ei viss form for hidsjab. Også i land med muslimske minoritetar har det vore ulike syn på kva former for og kvar ein skal tillate hidsjab.


Bildedøme[endre | endre wikiteksten]

Ulik tildekking av kroppen blant muslimar[endre | endre wikiteksten]

Ulike hovudplagg brukt av muslimske kvinner[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hijab i Caplex, «Hidsjab» i Nynorskordboka,g Hijab for men i The Guardian og Hijab i Engelsk Wikipedia, som oppgjev Mary Pat Fisher, Living Religions, New Jersey: Pearson Education, 2008. og Cyril Glasse, The New Encyclopedia of Islam, Altamira Press, 2001, p.179-180. Vitja 23. februar 2009.
  2. Frå Einar Berg si norske omsetjing av Koranen:
    • «Si til de troende menn at de skal dempe sine øyekast og holde sitt kjønnsliv i tømme. Dette er mer sømmelig for dem. Gud er vel underrettet om det de foretar seg. Og si til de troende kvinner at de skal dempe sine øyekast og holde sitt kjønnsliv i tømme, og ikke vise sin pryd, unntatt det av den som kommer til syne. La dem trekke sløret over sine bryst og ikke vise sin pryd til andre enn sine menn, sine fedre, svigerfedre, sønner, stesønner, brødre, nevøer eller deres hustruer, eller sine slaver, eller menn som betjener dem, men er hinsides kjønnsbegjær, eller barn som ikke forstår seg på kvinners nakenhet. La dem heller ikke trampe med føttene slik at det kan erkjennes hva de skjuler av pryd. Omvend dere alle til Gud, dere troende, så det må gå dere godt!» (24:30-31)
    • «Du profet, si til dine hustrer og døtre og de troendes kvinner at de skal svøpe om seg kledningen. Dette er nærmest til at de gjenkjennes og ikke sjeneres. Gud er tilgivende, nåderik.» (33:59)
  3. Yedida Kalfon Stillman, Arab Dress: A Short History, s. 22-24.
  4. Questions Commonly Asked by Non-Muslims -III : Hijab for Women av Zakir Naik ved islamicvoice.com
  5. Male Hijab ved muttaqun.com
  6. Hva sier islam om niqab ved islam.no og Engelsk Wikipedia, som oppgav Hsu, Shiu-Sian. "Modesty." Encyclopaedia of the Qur'an. Ed. Jane McAuliffe. Vol. 3. Leiden, The Netherlands: Brill Academic Publishers, 2003. 403-405. 6 vols.
  7. Women in Islam: Hijab av Ibrahim B. Syed ved islamfortoday.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Muslimsk klesdrakt