Maria Fjodorovna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maria Fjodorovna
Maria Fedorovna by Downey (c.1910, Royal coll.).png
Keisarinne av Russland
Fødenamn Marie Sophie Frederikke Dagmar av Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg
Hus Glücksburg
Fødd 26. november 1847, Det gule paléet i København
Død 16. oktober 1928 (80 år), Hvidøre ved Klampenborg[1][2]
Gravlagd Roskilde domkyrkje (1928-2006)

Peter- og Pauluskatedralen

Ektefelle Aleksander III av Russland

Maria Fjodorovna, fødd som prinsesse Dagmar av Danmark (26. november 184713. oktober 1928), var keisarinne av Russland frå 1881 til 1894. Ho var gift med tsar Aleksander III av Russland og mor til Nikolaj II av Russland.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Maria Fjodorovna var fødd i Det gule paléet i København som Marie Sophie Frederikke Dagmar av Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg. Ho var det fjerde barnet til Louise av Hessen-Kassel og Kristian IX av Danmark. Namna hennar var oppkallingar etter slektningen Marie Sophie Frederikke av Hessen-Kassel, dronning av Danmark-Noreg, og mellomalderdronninga Dagmar av Danmark. Av familien vart ho kalla «Minnie».

Aleksandr og Dagmar, «Sasja og Minnie», i 1868.

Som mange av syskena sine hadde Maria eit gagnleg gifte. Ho vart trulova med arvingen til den russiske trona, Nikolaj Aleksandrovitsj av Russland i 1864. Året etter, berre 21 år gamal, døydde Nikolaj av hjernehinnebetennelse. Maria heldt på kontakten med den russiske kongefamilien, og i 1866 vart ho trulova med den yngre bror hans, Aleksandr. Etter at ho hadde konvertert til russisk-ortodoks kristendom og teke namnet Maria Fjodorovna vart dei gifte i St. Petersburg den 9. november 1866. Den fyrste sonen deira vart kalla Nikolaj etter den avlidne onkelen sin.

Paret fekk seks born. Etter Nikolaj (fødd 1868) fekk ho endå ein son, Aleksandr (f. 1869), som døydde ung av hjernehinnebetennelse. Fire andre born vaks opp: Georg (f. 1871), Ksenia (f. 1875), Mikhail (f. 1878) og Olga (f. 1882).

'Gniaren' (1890) av Maria Fjodorovna.

Maria Fjodorovna var mykje omtykt i Russland. Ho viste interesse for å læra seg russisk og forstå russisk kultur. Elles vigde ho tida si til familien og gode føremål, som den russiske Raudekrossen og fleire utdanningsinstitusjonar. Ho dreiv òg med måling.

I 1873 drog Maria med dei to eldste sønene til England, der syster hennar, Alexandra, var prinsesse av Wales etter å ha gift seg med den komande Edvard VII av Storbritannia. Prinsen og prinsessa av Wales kom på fleire gjenbesøk til Russland.

Den russiske keisarfamilien utanfor Gatsjinapalasset, rundt 1887.

Etter at tsar Aleksandr II vart drepen av eit bombeattentat i 1881, vart Maria særleg hylla som ny tsarina, medan folk gjerne var meir kritiske til ektemaken hennar. Sjølv var ho uroa av utviklinga, og skreiv i dagboka si at freden og roa var borte - frå no av ville ho alltid måtte uroa seg for mannen sin.

Kroninga av Aleksandr og Maria fann stad i Kreml den 27. mai 1883. Ei nyleg avdekt samansverjing la ein dempar over seremonien, som likevel hadde over 8000 gjester. På grunn av dei mange trugsmåla rådde tryggleikstenesta familien til å bu i det avsidesliggjande Gatsjinapalasset heller enn i Vinterpalasset. Dei fylgde råda, og vart buande der i 13 år. Dei reiste til offentlege tilstellingar i Moskva under strengt vakthald. I 1887 la ei gruppe revolusjonære planar om å kasta ei bombe mot tsaren på seksårsdagen for drapet på far hans. Samansverjinga vart avdekt, og dei revolusjonære avretta. Blant dei var Aleksandr Uljanov, ein eldre bror av Lenin.

Sumarsamling i Langinkoski i 1889.

Nesten kvar sumar samla Maria Fjodorovna og Aleksandr med born og fleire av syskena hennar seg hjå den danske kongefamilien i Danmark. Tsarfamilien trivdest i den relative fridomen og tryggleiken her. Familien ferierte òg ved Langinkoski i Kotka i Finland, som då var under russisk herredøme.

Aleksandr III døydde av nyresjukdom i 1894, berre 49 år gamal. Kort tid etter gifte sonen Nikolaj seg med prinsesse Alexandra av Hesse-Darmstadt, eit barnebarn av dronning Viktoria av Storbritannia. Dei to vart krona til tsar og tsarina, og Maria kunne trekkja seg meir attende. Ho mislikte svigerdottera, og klandra henne gjerne for problema til sonen og tsarriket. Ho markerte òg sterk motstand mot russifiseringa av Finland under sonen sitt styre.

Maria og Alexandra ved Hvidøre, rundt 1910.

Maria Fjodorovna kunne no bu i Anitsjkovpalasset i Moskva, der ho og ektemannen hadde budd då dei fyrst var gifte. Ho var òg stadig meir utanlands. Ho vitja England fleire gonger, og kjøpte Hvidøre Slot ved Klampenborg i Danmark saman med systera Alexandra.

fyrste verdskrigen braut ut i 1914 var Maria i London. Ho vende straks attende til Russland, men toget hennar vart stoppa i Berlin og ho måtte ta ein omveg gjennom nøytrale Danmark og Finland. Vel attende i St. Petersburg slo ho seg ned i Jelagin-palasset sentralt i byen, og engasjerte seg i Raudekrossen og sanitetsarbeid. I 1916 forlét ho Moskva, etter seiande i protest mot innverknaden til mystikaren Rasputin ved tsarhoffet, og slo seg ned i Mariinskij-palasset i Kiev.

Den russiske revolusjonen braut ut i mars (februar etter den russiske kalenderen) 1917. Etter at Nikolaj hadde abdisert drog Maria Fjodorovna til Mahiljow i Kviterussland for å møta han. Attende i Kiev var det klart at ho ikkje var ynskt der, og ho vart overtalt av familiemedlemer til å reisa til Krim i staden. Trass i revolusjonen nekta ho fyrst å dra frå Russland, men vart etterkvart overtalt av systera Alexandra. I 1919 vart ho, andre flyktande medlemer av tsarfamilien, skadde eller sjuke soldatar og andre sivile henta av det britiske krigsskipet HMS «Marlborough» og tekne med til Malta. Maria budde ei tid i London før ho vende attende til Danmark i 1919. Ho døydde i Hvidøre, 80 år gamal.

Den andre gravferda til Maria Fjodorovna.

Maria Fjodorovna vart gravlagd i Roskilde domkyrkje. I 2006 gjorde danske og russiske styresmakter ei avtale som gjorde at leivningane kunne overførast til Russland. 28. september 2006 vart Maria gravlagd att i Peter- og Pauluskatedralen, ved sidan av leivningane etter ektemannen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]