Hopp til innhald

Nils-Øivind Haagensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils-Øivind Haagensen
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd29. juli 1971 (54 år)
i Ålesund
YrkeForfattar, journalist
Periode1998-
PrisarSult-prisen
DebutHender og hukommelse

Nils-Øivind Haagensen (fødd 29. juli 1971)[1] er ein norsk forfattar og journalist. Haagensen er fødd i Ålesund og busett i Oslo.

Haagensen har hovudfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, men har òg studert samanliknande politikk og religionsvitskap. Han jobba som kulturjournalist i Klassekampen i ei årrekke, men forlet avisa i april 2008 for å skipa forlaget Flamme Forlag med tidlegare redaktør for bokmagasinet i same avis, Bendik Wold. Forlaget er eit dotterselskap av CappelenDamm. Forlagsredaktørane Haagensen og Wold kallar sjølv forlaget eit «allemannsforlag», som primært skal gi ut «ny norsk skjønnlitteratur».[2]

Haagensen var i fleire år redaktør for antologien Signaler. I 2004 mottok Haagensen Sult-prisen. Han var innstilt til Nordisk råds litteraturpris 2013 for God morgen og god natt.[3]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Åtte dikt i Signaler debutant-antologi (1995)
  • Hender og hukommelse dikt (1998)
  • Et godt sted dikt
  • Det radioaktige roman (2001)
  • 23 dikt om kvinner og menn og en desperat forklaring dikt (2002)
  • Enkelte dikt dikt (2003)
  • Nils-Øivind Haagensen skriver dikt (2005)
  • Møt meg, møt meg, møt meg reisebok (2006)
  • Hvorfor er jeg så redd? dikt (2007)
  • Drit i døden - Her er Dan Turèll gjendikting saman med Bendik Wold (2007)
  • Jack Kerouac: San Fransisco Blues gjendikting (2008)
  • Brenn ned skiten (2009)
  • Haruki og jeg lyrikk (2010)
  • God morgen og god natt lyrikk (2012)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Nils-Øivind Haagensen (29.07.1971)»». forfatterkatalogen.no. Henta 15. februar 2013.
  2. Om forlaget Arkivert 2008-07-03 ved Wayback Machine.. Flamme forlag. Lasta ned 5. mai 2008
  3. Tone Staude (30. november 2012). «Kan få Nordisk råds litteraturpris». NRK. Henta 19. februar 2013.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]