Nils Anker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Anker
Nils Anker OB.F03800b.jpg
Fødd14. juni 1836
Fredrikshald
Død1. oktober 1893
Fredrikshald
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande, trelasthandlar
FarPeter Martin Anker

Nils Anker (14. juni 18361. oktober 1893) var ein trelasthandlar og fabrikkdirektør frå Berg i Østfold. Han var bror til Herman Anker.

Anker var son til ein trelasthandlar, og overtok i 1863 faren si forretning saman med ein bror. Han var direktør (styreleiar) i Saugbrugsforeningen og styremedlem av Dalslandsbana.

Anker representerte Høgre frå FredrikshaldStortinget frå 1886 til 1893. 1886-91 var han medlem av budsjettkomiteen, 1892-93 av næringskomite nr 1. Frå 9. juni 1893 var Anker, grunna sjukdom, permittert for resten av sesjonen. Han døydde same hausten på landstaden sin ved Fredrikshald.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]