Nils E. Ringset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nils Edvard Ringset (2. november 188611. februar 1976) var ein norsk bonde, venstrepolitikar og organisasjonsmann frå Stranda på Sunnmøre.

Familie og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd i Liabygda i Stranda kommune og foreldra hans var Ole Petter Hansen Ringset (1849-1939) og Olave Paulsdatter (f.Trætøye) (1853-1944). Han gjekk på jordbruksskulen i 1907 og i 1917 tok han over farsgarden, Ola-Petergarden på Ringset i Liabygda. I 1918 vart han gift med Martha Signe Fredriksdatter Ringset, fødd Baade (1893-1984).

Virke[endre | endre wikiteksten]

Nils E. Ringset kom tidleg med i ungdomslag-arbeidet og han var formann Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag[1] i tida 1917-1946. Han var også styremedlem i Noregs Ungdomslag i åra 1925-1946, og i mange år fungerte han som nestformann. Han var formann i Møre og Romsdal skogselskap frå 1932 og han var med i styret for Det norske skogselskap frå 1942, som formann i åra 1949-1953. Han var ein sterk talsmann for skogreisinga i Noreg og på Island.

Gjennom åra hadde han mange andre styreverv i ulike organisasjoner og lag.[2][3] Som venstremann var han også aktiv i politisk arbeid og han fungerte som ordfører i Stranda kommune i åra 1937-1941 og i 1945. Han var med i ulike fylkeskommunale nemnder og var stortingsvaramann for venstre i perioden 1937-1945.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1950 vart han tildelt borgardådsmedaljen i sølv, for samfunnsgavneleg arbeid.
  • 6. mai 1957 - Diplom frå Det norske skogselskap, for fortjeneste av skogsaken.
  • 1. februar 1958 vart han utnemnd til riddar av den islandske Falkeorden for sin innsats for skogplanting [4] [5]
  • 26. mars 1958 - Diplom frå Møre og Romsdal Skogselskap, for langt og fortenestefullt arbeid ....
  • "Frendetreet" frå Det norske Skogselskap (bronsestatuett laga av Per Ung).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag
  2. [2] Frå SFU-soga i 1954 (Ivar Grøvik)
  3. [3] Hvem er hvem 1973
  4. [4] Arkivert 2014-02-03 ved Wayback Machine. Den islandske Falkeorden
  5. [5] Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine. Den islandske Falkeorden