Per Ung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Per Erik Ung (5. juni 193320. juni 2013)[1] var ein norsk bilethoggar og grafikar frå Oslo.

Ung vart utdanna ved Statens Handverks- og Kunstindustriskole under Torbjørn Alvsåker 1951 og Statens kunstakademi under Per Palle Storm 1952-55. Mellom dei offentlege arbeida hans er:

  • Johanne Dybwad utanfor Nationaltheateret, 1959-61
  • Märtha Louise og Haakon Magnus, portrettstatuar, Skaugum, 1976–77
  • Sonia Henie ved Frogner stadion, 1985
  • Birger Ruud, Kongsberg, 1987
  • Fridtjof Nansen, Oslo og Vardø, 1993
  • Verdens Gang, gruppe, VG-huset, 1994
  • Henrik Ibsen, portrettbyste, Skien og Oslo, 1997
  • Selfangstmonumentet, Alta, 1999

I 1991 vart det gjeve ut ein biografi om Per Ung av Arvid Møller. Den 1. november 2007 vart Ung utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Per Annar Holm (21. juni 2013). ««Per Ung er død»». aftenposten.no. Henta 21. juni 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]