Nils Furnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Furnes
Fødd 25. april 1901
Død

14. august 1990

Yrke musikar

Nils Furnes (25. april 190114. august 1990) var ein norsk folkemusikar frå Bygstad i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. Saman med Johannes Holsen og Knut Sandal var Nils Furnes ein av dei fremste 1900-talsspelemennene frå Sunnfjord. Furnes spelte hardingfele, og var kjend for sitt lyriske og detaljrike spel.

Nils Furnes vaks opp i Furnes i Bygstad i Gaular, i ein søskenflokk på fire. Ni år gamal høyrde Nils Furnes farbroren Ola Nos (1849-1923) spele i eit bryllup, og dette gjorde sterkt inntrykk på han. To år seinare tok Furnes til å spele hardingfele. Fyrste læremeistaren var farbroren Ola Nos, som og var frå Gaular. Nils Furnes var den siste spelemannen opp til vår tid som lærte slåttar direkte etter storspelemannen Ola Nos, eller Spelar-Ola, som han blei kalla. Spelar-Ola hadde sine slåttar att etter faren, Nils Nos (1818-1970), og den gamle meisteren Gunnar Lundekvam (1816-1912). I 1925 flytte Nils Furnes til Bergen for å gå i lære som bøkkar (tønnemakar), og blei buande der. I Bergen kom Nils Furnes i kontakt med eit spanande spelemannsmiljø med spelemenn frå store delar av Vestlandet, og i 1929 var han med på å skipe spelemannslaget Fjellbekken. Der var han fast medlem så lenge han levde, og han blei utnemnd som heidersmedlem i laget.

Både hjå NRK Folkemusikkarkivet og Arne Bjørndals samling i Bergen finn ein opptak av Nils Furnes. Av det innspelte materialet finn ein eit rikt utval både innan runddans- og bygdedansspel frå Sunnfjord, i tillegg til slåttemateriale som truleg stammar frå Fjellbekken spelemannslag.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hardingfelespel frå Sunnfjord (Nils Furnes, Johannes Holsen og Knut Sandal) (ta:lik, 2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]