Nils Gunnar Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Gunnar Lie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. november 1950 (73 år)
Øystese Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist
Prisar Alf Helleviks mediemålpris, Kringkastingsprisen

Nils Gunnar Lie (fødd 23. november 1950) er ein norsk journalist og programleiar på TV2.

Lie er oppvaksen i Øystese i Kvam, Hardanger, men er busett i Ski i Akershus. Lie starta TV-karrieren sin i NRK, men gjekk over til TV2 då kanalen vart starta opp i 1992. Same året vart han leiar for debattprogrammet Holmgang. Han var leiar for programmet fram til Oddvar Stenstrøm tok over i 1998. I 1996 og 1997 var han i tillegg leiar for den norske utgåva av Jeopardy!. Han har sidan slutten av 1990-talet ofte vore å sjå som programleiar for TV2 Nyhetene og God morgen, Norge.

Lie fekk Kringkastingsprisen i 1989 for sin bruk av dialekt eller nynorsk i sitt arbeid på eiteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]