Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige, er ei barnebok av Selma Lagerlöf som kom ut i to band i 1906 og 1907. Ho er omsett til norsk som Nils Holgerssons forunderlige reise gjennom Sverige og Nils Holgerssons vidunderlige reise. Boka blei skriven på bestilling frå Svenska Skolbokskomiteen som ei lærebok i svensk geografi. Boka skildrer ferda den forheksa bondeguten Nils tek flygande på gjæser gjennom Sverige.

Boka er omsett til om lag 40 språk. Ho blir no som regel gjeven ut i forkorta utgåver, ettersom originalutgåva er på rundt 600 sider. Ho er omsett til norsk fleire gonger, første gong i 1927, og sist av Jo Ørjasæter i 1989.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige ved Wikisource (sv).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]