Nils Nersten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Nersten (24. juli 18823. juni 1975) var ein norsk landbrukslærar, bonde og politikar frå Øyestad i Aust-Agder. Han representerte BondepartietStortinget 1922-27 og 1934-36.

Nersten var son til ein gardbrukar. Han gjekk amtsskule før han tok landbruksskulen i Bjørnetro og vinterlandbruksskulen i Oslo. Vinteren 1905 var han lærar på landbruksskulen på Nedstrand i Rogaland. Deretter gjekk han eit år på Noregs Landbrukshøgskule, der han tok eksamen i 1907. Dei neste åra arbeidde ved Søve landbruksskule i Telemark, med unnatak for eit år han var stipendiat på Landbrukshøgskulen. Tida 1911-16 var han styrar på landbruksskulen i Setesdal. Frå 1916 var han bonde på Longerak i Bygland. Han overtok også slektsgarden Gauslå i Herefoss.

Nersten engasjerte seg i politikk og organisasjonsliv. Han var med i jordbrukskonsesjonemnda 1917 og i arbedsløysenemnda av 1919. Frå 1920 til -27 var han formann i Aust-Agder Bondeparti, og 1921-28 medlem av landsstyret i Bondepartiet. Han var også formann i Aust-Agder Skogselskap og styremedlem i Norges Skogeierforbund og Norges Bondelag. Elles var han styremedlem for fellesfløytinga både i Tovdalselva og Otra og i Byglandsfjord Dampsag & Høvleri. Han var ein mykje nytta takstmann ved offentleg skjøn.

I perioden 1922-27 var Nersten stortingsmann for Aust-Agder. På Tinget representerte han Bondepartiet og var i den fyrste treårsbolken medlem av jarnbanekomiteen og sekretær for skog- og vassdragskomiteen, i den andre bolken var han formann i komiteen. Hausten 1933 vart han vald til stortingsrepresentant på ny, og var i perioden 1934-36 medlem av helsekomiteen og nestformann i kommunalkomiteen.

Nersten gav i 1950 ut Minner fra Setesdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]