Nils Schanche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Schanche
Fødd 10. mars 1833
Tana
Død

8. desember 1913
Tana

Yrke politikar, kjøpmann

Nils Johan Christian Vibe Stockfleth Schanche (10. mars 18338. desember 1913) var ein norsk handelsmann og politikar, fødd og død i Tana. Han var stortingsmann 1877-79 frå Finnmark.

Schanche var son til ein handelsmann i Tana. Han gjekk i skule nokre år på Tromsø middel- og realskule, sidan arbeidde han året 1850-51 i Arkhangelsk for å lære det russiske språket. Han tok over handelen i Tana etter faren, og handla også i Gamvik. Dreiv ein guanofabrikk i tillegg.

Schanche var ordførar i Tana frå 1868 til -76. På amtstinget vart han vald til å vere formann i ein komite som drøfta deling av herada Nesseby og Tana, samt i ein komite om hamneanlegg i Finnmark. Han var også medlem i ein staleg kommisjon om fiskeria i Nord-Noreg. Schanche var fyrste varamann til stortinga 1868-69 og 1874-76. Perioden 1877-79 var han vald til stortingsrepresentant for Finnmark, men møtte einast i 1877-sesjonen. Han var då medlem i Tollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]