Ninhursag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ninhursag

Identifisert medNinlil, Ki, Damkina, Kybele, Asjera
EktefelleEnlil, An, Enki
BarnNinurta, Nanna-Suen, Marduk


Ninhursag (Ninḫursag eller Ninkharsag) var ei morgudinne knytt til fjella, med epitetet «Fjellets frue», og ein av sju store guddommar i Sumer og sumersk mytologi.[1][2][2] Ho er hovudsakleg ei fruktbarheitsgudinne. Tempelhymne identifiser henne som «den sanne og den store himmelen si frue», og kongane i Sumer blei «næra med mjølka til Ninhursag». Håret hennar er tidvis skildra som ei omegaform, og tidvis bar ho ein hovudklednad med horn og eit kort skjørt, ofte med ein boge over skuldra, heldt ei kølle eller batong, av og til med ein løveunge i band. Ho er den titulære guddommen for fleire av leiarane i Sumer.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Nin-hursag betyr «frua til det heilage fjellet» (frå sumerisk NIN, «frue», og ḪAR.SAG, «heilag fjell», «foten av fjellet»,[3] kanskje ein referanse til staden for tempelet hennar, E-Kur («Huset ved fjelldjupnene») ved Eridu. Ho hadde mange namn eller epitet, blant anna Ninmah («Store dronning»);[4] Nintu («Frue for fødselen»);[4] Mamma eller Mami (mor);[4] Aruru,[4] og akkadiske Belet-Ili («Mor til gudane»).[4]

Ifølgje med ei legende blei namnet hennar endra frå Ninmah til Ninhursag av sonen hennar Ninurta til minne om at han skapte fjella. Ninmenna plasserte ifølgje eit babylonsk innsettingsritual gullkrona på kongen i tempelet Eanna («stort hus», «palass»).[5]

Nokre av namna eller epiteta over var ein gang òg knytte til andre gudinner (som Ninmah og Ninmenna), som seinare blei identifiserte og smelta saman med kulten til Ninhursag. Det eksisterer mytar der namnet Ninhursag ikkje blir nemnt eller uttalt.

Som kone og partnar til Enki blei ho òg omtalt som Damgulanna eller Damkina («Trufaste hustru»). Ho hadde mange andre epitet, mellom anna Shassuru («Livmorgudinne») og Tabsut ili («Jordmor til gudane»). I denne rolla blei ho identifisert med Ki i Enuma Elish. Ho hadde heilagdommar i byane Eridu og Kisj.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

I soga om Enki og Ninhursag fødde ho ei dotter som blei kalla Ninsar. Ninsar fekk ei dotter med Enki som blei kalla Ninkurra. Ninkurra fekk ei dotter med Enki som blei kalla Uttu. Enki ville også ligga med Uttu, men ho var oppjaga over at Enki ikkje brydde seg om henne. På råd frå Ninhursag grov Uttu sæden til Enki ned i jorda, og derfrå sprang dei fyrste åtte plantane opp. Då Enki såg plantane blei han sjuk i åtte av kroppsorgana sine. Ninhursag lækte han, tok plantane inn i kroppen sin og fødde deretter åtte guddommar: Abu, Nintulla (Nintul), Ninsutu, Ninkasi, Nanshe (Nazi), Azimua, Ninti, og Enshag (Enshagag).

I teksten Skaperen av hakka fullførte ho fødselen til menneskja etter at hovuda var blitt avdekte av hakka til Enki.

I skapingstekstar opptrer Ninhursag under namnet Ninmah som jordmor medan morgudinna Nammu skaper ulike menneskeindivid frå klumpar av leire ved ein fest gitt av Enki for å feira skapinga av menneskja.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Symbolet hennar, som minnar om den greske bokstaven omega, Ω, er blitt nytta i mesopotamisk kunst sidan 3000 f.Kr., men meir generelt frå tidleg på 1000-talet. Det verker som om ein del grensesteinar indikerte tydinga hennar. Omegasymbolet er òg knytt til den egyptiske kveggudinna Hathor, og kan kanskje representera ei stilisert livmor.[6] Hathor er òg tidvis avbilda på eit fjell, og det er mogleg at dei to gudinnene er påverka av kvarandre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. King, L. W., Hall, H. R. (2008): History of Egypt Chaldea, Syria, Babylonia, and Assyria in the Light of Recent Discovery, The Echo Library, s. 117
  2. 2,0 2,1 Clay, Albert T. (1999): The Origin of Biblical Traditions: Hebrew Legends in Babylonia and Israel, The Book Tree, s. 100
  3. Dalley, Stephanie (1998): Myths from Mesopotamia: Creation, the Flood, Gilgamesh, and Others. Oxford University PressISBN 978-0-19-283589-5. s. 326.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Dalley, Stephanie (1998): Myths from Mesopotamia: Creation, the Flood, Gilgamesh, and Others. Oxford University PressISBN 978-0-19-283589-5. s. 326.
  5. Westenholz, Aage (1987): Old Sumerian and old Akkadian texts in Philadelphia, Volume 3 of Carsten Niebuhr Institute Publications, Volume 1 of Bibliotheca Mesopotamica, Museum Tusculanum Press, ISBN 978-87-7289-008-1, s. 96
  6. Stuckey, Johanna (2006): «Of Omegas and Rhombs: Goddess Symbols in Ancient Mesopotamia and the Levant» Arkivert 30. september 2018 på Wayback Machine., MatriFocus

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jordan, Michael (2002): 'Encyclopedia of Gods, Kyle Cathie Limited
  • Leick, Gwendolyn (1998): A Dictionary of Ancient Near Eastern Mythology. New York

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ninhursag