Nintendogs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Nintendogs
Utviklar(ar)Nintendo
Utgjevar(ar)Nintendo
SerieNintendogs
Plattform(er)Nintendo DS
Utgjeve2005
SjangerKjæledyrsimulator.
SpelemodusEinspelar, tospelar.
Aldersgrense3+

Nintendogs (ニンテンドッグス Nintendoggusu) er eit kjæledyrsimulator-videospel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo DS. Det blei fyrst utgjeve i Japan i 2005, og blei seinare utgjeve i Nord-Amerika, Australia, Europa og andre regionar. Det var opphavleg tre forskjellege versjonar: Dachshund & Friends, Lab & Friends (Shiba & Friends i Japan) og Chihuahua & Friends. Spelet har blitt gjeve ut på nytt to gonger etter det, fyrst som ein samla utgjeving med ei spesiell utgåve av Nintendo DS, med ein ny versjon kalla Nintendogs: Best Friends, og seinare som Nintendogs: Dalmatian & Friends.

I Nintendogs brukar spelaren berøringsskjermen til å klappe hundane og bruke ulike element som har blitt funne eller kjøpt. Dette er alt frå ballar og frisbear, til leiker, mat og til å halde hundane nøgde. Den innebygde mikrofon brukar spelaren til å rope på hundane, få dei til å gjere triks og uttale namnet til hunden i byrjinga av spelet, i tillegg til å lære hunden kommandoar som "sitt" eller "rull over". Spelaren kan gå på tur med hundane sine og til parken dersom dei ynskjer det. Dei kan òg møte hundane til andre spelarar i multiplayer-modus ved å bruke DS-ane sin trådløse linking.

Nintendogs fekk for det meste positive tilbakemeldingar. Spelet har ein score på 85% på Game Rankings og har vunne mange prisar. Pr. 31. mars 2013, har alle versjonane av Nintendogs kombinert solgt 23,95 million eksemplar verda over, noko som gjer spelet det andre på Nintendo DS bestseljarlista, berre bak New Super Mario Bros.. I 2010 blei det annonsert ein etterfylgjar, med tittelen Nintendogs + Cats, som vil bli lansert for Nintendo 3DS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]