Noël nouvelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Noël nouvelet, Noël chantons icy;
Dévotes gens, rendons à Dieu mercy;
Chantons Noël pour le roy nouvelet,
Noël nouvelet,
Noël chantons icy!

Første verset og refrenget i opphavleg språkdrakt.

«Noël nouvelet» er ein fransk julesong, opphavleg ein nyttårssong, frå 1400-talet som også blir sungen i dag. Den eldste prenta versjonen finst i ei songsamling frå etter 1483 som var laga av Jehan Tisserand, knytt til kong Ludvig XII. Her blir han presentert som ein song til den første messa i det nye året.

Det finst ulike melodiar til songen, den eine truleg frå 1400-talet eller før, den andre kan ikkje sporast lenger tilbake enn rundt 1900, og går truleg berre eit par hundreår eller mindre tilbake.

Songen er omsett til engelsk fleire gonger, mellom anna som «Sing We Now Of Christmas», «Noel! A New Noel!», «Christmas Comes Anew» og «Now the green blade riseth».

«Noël nouvelet» er mykje framført i Frankrike ved juletider. Innspelingar er også gjort av mellom anna irske Anúna og Loreena McKennitt, harpistane Sharlene Wallace og Myriam Reid og kora Vasari Singers, The King's Singers og Nidarosdomens guttekor med Arve Tellefsen

Organisten Marcel Dupré komponerte eit verk, Variations sur un vieux noël (1922), over denne songen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]