Nyttår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nyttårsfyrverkeri i Niederau i Tyrol.

Nyttår eller nyår er feiringa av overgangen mellom to år. Alle kulturar som måler tid i år, har ei eller anna form for nyttårsfeiring. Feiringa kan innebera eit oppgjer med det gamle og planar eller gode ønske for det nye. I tillegg held ein gjerne fest med god mat og drikke, og gode ønske for det nye året.

Ein del av nyttårsfeiringa kan òg vera vigd ettertanken, både når det gjeld kva ein har gjort i det førre året, og kva ein kan gjera annleis i det neste. I Noreg er nyttårsforsett eit døme på dette.

Fyrverkeri og mykje bråk er vanleg under mange ulike nyttårsfeiringar. Ein gammal grunn til dette er at det skremmer vekk vonde ånder og hendingar frå det nye året.

Vestleg nyttår[endre | endre wikiteksten]

Kalenderstykke med nyttårsønske frå Basel på 1480-talet.
Det gamle året blir ofte representer som ein gammal mann og det nye som eit lite barn. Her på eit kort frå 1910.

Den gregorianske kalenderen blir i dag brukt over heile verda, og feiringa av denne opphavleg vestlege nyttårsdagen har derfor stor utbreiing. I nyare tid har nyttårsaftan fått større tyding som feiringsdag. Ho blir markert over størstedelen av verda med festar, fyrverkeri og liknande, med eit klimaks rundt midnatt.

Det nye året byrjar den 1. januar, men det har ikkje alltid vore slik. I gammal europeisk tradisjon var det vanleg å feira årsskiftet i samband med våren, rundt vårjamdøgn i mars månad. I den romerske kalenderen byrja nye år med dagen då nye konsular byrja embetet sitt. Dette var kanskje opphavleg 1. mai, den 15. mars frå 222 f.Kr. til 154 f.Kr.,[1] og deretter 1. januar.[2] Dette var også dagen då det romerske senatet opna. Då Julius Cæsar innførte den julianske kalenderen i 45 f. Kr., gjorde senatet den 1. januar til den offisielle byrjinga på året.

I mellomalderen kunne ein feira nyttår til høgst forskjellige tider, gjerne viktige hendingar frå kyrkjeåret.

Nyttår Kvar? Kva tidsrom?
Jul (25. desember) England og Tyskland
Spania
fram til 1200-talet
1300- til 1500-talet
Maria bodskapsdag (25. mars)[3] Mange stader i Europa fram til 1582 og innføringa av den gregorianske kalenderen
England fram til 1752 i offisielle dokument
Påske (langfredag eller påskelaurdag)[4] I heile Europa, men særleg i Frankrike 1000-talet til 1500-talet
Jesus si omskjering (1. januar)[3] Ulike stader i Europa etter kvart som ein byrja å gå over til 1. januar som nyttårsdag
1. mars Republikken Venezia
Russland
fram til 1797
fram til 1300-talet
1. september Russland 1300-talet til 1753, då den julianske kalenderen blei innført

I 1582 la pave Gregor XIII nyttåret til 1. januar under kalenderreformarbeidet sitt som blei til den gregorianske kalenderen.

Sidan 1600-talet har den katolske kyrkja byrja kyrkjeåret den første søndagen i advent.

I den franske revolusjonskalenderen byrja det nye året ved haustjamdøgn, som regel tilsvarande 22. eller 23. september. Dette var primidi Vendémiaire, den første dagen i den første månaden.

Indiske nyttår[endre | endre wikiteksten]

Opptog (Mangal Shobhajatra) med tigerhovud under bengalsk nyttår.

Dei ulike indiske folkegruppene har fleire ulike nyttårsfeiringar, som kan vera sekulære eller religiøse. Hinduar frå Gujarat feirar nyttår to dagar etter divali. Teluguar og kannadaer feirar nyttår rundt vårjamdøgn. Tamilar av alle religionar feirar varudapirappu i midten av april. Bengalsk nyttår kjem midt i den varmaste årstida og omfattar mellom anna ei bøn for regn.

Nyttårsfeiringa har òg spreidd seg til land som har vore påverka av indisk kultur, som Thailand, der ein feirar songkran frå 13. til 15. april mellom anna ved å hella vatn over folk.

Bali feirar ein nyepi, ein dag for stille, som følgjer sakakalenderen og nymånen. Kvelden før dagen lager ein mykje støy, medan dagen etter held alle seg i ro heime.

Jødisk nyttår[endre | endre wikiteksten]

Rosj hasjaná (hebraisk for «årsbyrjing») kjem 163 dagar etter pesach. Ettersom den jødiske kalenderen følgjer måneåret, endrar datoen på feiringa seg frå år til år. Høgtida er til minne om då verda blei til, og inneber eit oppgjer med seg sjølv og å prøva å forbetra seg sjølv føre det neste året.

Kinesisk nyttår[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk nyttårsbilde frå 1900.

Kinesisk nyttår fell vanlegvis på den andre nymånen etter vintersolkverv, ein gong i tida frå 21. januar til 21. februar. Dei kinesiske åra har ikkje namn, men følgjer to syklusar, ein på tolv dyr og ein på fem element. Når ein dyresyklus er slutt, tek ein ny til, med eit nytt element. Dagen blir feira av kinesarar i Kina og i dei mange utvandrarmiljøa elles i verda, med fyrverkeri, dragedans og pengegåver, som skal bringa lukke.

Fleire andre land, som Korea og Mongolia, feirar nyttår som er avleia av det kinesiske. Vietnamesisk nyttår (Têt Nguyen Dan eller berre Têt) og fell på same dagen som det kinesiske.

Japan følgde tidlegare det same kalendersystemet som Kina, men gjekk over til den gregorianske kalenderen i 1873, då dei òg flytta feiringa til 1. januar. Nyttårsfeiringa, o shogatsu, har likevel fortsatt mange likskapar med den kinesiske.

Muslimsk nyttår[endre | endre wikiteksten]

I den muslimske kalenderen kjem nyttår ved byrjinga av månaden muharram. Kalenderen følgjer måneåret, på rundt 354 dagar, og feiringa tek til så snart ein kan sjå nymånen.

Nyttåret markerer Muhammed si flukt, hidjra, frå Mekka til Medina. Hendinga blir markert, men dagen er ikkje like viktig som i andre kulturar. Særleg for sjiamuslimane er det byrjinga på ei sørgetid, ettersom ein minnest Hussein, barnebarnet til Muhammed, som blei drepen i slaget ved Karbala, då. Denne sørgehøgtida blir òg kalla muharram.

Persiske nyttår[endre | endre wikiteksten]

Novruzfeiring med egg og spirer i Aserbajdsjan.

Navroz (farsi for nyttår) er namnet på nyttårsfeiringa til iranarar av alle religionar, til folk frå område tidlegare omfatta av Persarriket, og til bahaiar og parsarar, begge religionar som har opphav i Persia. Navroz kjem ved vårjamdøgn, 20. eller 21. mars. Ulike trusretningar tel år med ulike utgangspunkt.

Assyrarar feirer nyttår, kha b-nisan eller akitu, den 1. april.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arthur M. Eckstein (1987). Senate and General: Individual Decision-making and Roman Foreign Relations, 264-194 B.C. University of California Press. s. 16. 
  2. Roman Dates: Eponymonous Years, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 21. juni 2009, https://web.archive.org/web/20090621043226/http://www.tyndale.cam.ac.uk/Egypt/ptolemies/chron/roman/chron_rom_cal.htm#eponymous 
  3. 3,0 3,1 Ritter, R. M. (2005), New Hart's Rules:The Handbook of Style for Writers and Editors: The Handbook of Style for Writers and Editors, Oxford University Press, s. 194, ISBN 9780191650499 
  4. Matheeussen, Constant; Fantazzi, Charles; George, Edward V., red. (1987). «General Introduction, §IV. The date of the Opuscula varia». Early Writings I. Selected Works of Juan Luis Vives 1. Leiden: E. J. Brill. s. xvii. ISBN 9789004077829. Henta 17 March 2014. The town of Louvain, belonging to the duchy of Brabant, used the Easter Style, beginning the year at Holy Saturday. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nyttår