Nord-Solvær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nord-Solvær
Geografi


Stad Helgeland

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Nord-Solvær er ei lita øy i øygruppa Solvær i Lurøy kommune i Nordland. Naboøya er den meir tettbusette øya Sleneset. Øya Lovund ligg også berre ein kort båttur unna. Båtane til transportfirmaet Helgelandske kan få anløp av Nord-Solvær ved behov både på snøggbåtruta Sandnessjøen - Træna og ferjeruta Stokkvågen - Træna.

Nord-Solvær har berre nokre få fastbuande, men kan få ganske mykje vitjingar i sommarferien. Grendahuset på øya er framleis i bruk til fødselsdagar, dåp, konfirmasjon og andre tilstelningar.

Postnummeret til øya er 8740 NORD-SOLVÆR.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]