Nordfjord Ungdomskorps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordfjord Ungdomskorps (NUK) er eit av dei største krinskorpsa i landet, og tel per dags dato ca. 80 aktive medlemmar. Korpset vart stifta i 1981, og feira 25-års jubileum i 2006. NUK har, trass namnet, medlemmar frå heile Sogn og Fjordane, samt frå Kolbotn i Akershus. Dessutan har mange NUK-arar halde fram i korpset etter at dei har flytta til byar som Trondheim og Bergen for å studere.

NUK har normalt 4 helgesamlingar i året, der den siste er konserthelg. Ofte inviterer ein gjesteartistar til å opptre med korpset på avslutningskonserten.