Kolbotn
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kolbotn er ein tettbygd stad og administrasjonssentrum i Oppegård kommune. Han ligg like ved Kolbotn stasjon på Østfoldbanen, 13 kilometer sør for Oslo sentrum. Kolbotn er ein del den samanhengande busetnaden sørover frå Oslo til Langhus i Ski kommune. Namnet kjem frå eit gardsnamn som har samanheng med at det vart brunne trekol her tidlegare.
Kolbotn har mange sentrumsfunksjonar ved Kolbotn stasjon; det er store bustadområde med variert busetnad rundt senteret. På Fløysbonn i aust og Mastemyr i vest er det ein del næringsverksemd, og mellom anna Kodak og Volvo Norge finst her. På grensa til Oslo i nord har IBM Norge hovudkontoret sitt.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Kolbotn» i Store norske leksikon, snl.no.
|