Nordhordland folkehøgskule
Nordhordland folkehøgskule | |
Skuletype | Folkehøgskule |
---|---|
Grunnlagd | 1914 |
Fylke | Vestland |
Kommune | Alver |
Tettstad | Frekhaug |
Adresse | Holtermandsvegen, 5918 Frekhaug |
Rektor | Jan Inge Wiig Andersen |
Eigar | Nordhordland Indremisjon |
![]() Nordhordland folkehøgskule |
Nordhordland folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule som ligg i på Frekhaug i Alver kommune i Vestland fylke. Skulen tar imot om lag 175 elevar i året og er den største folkehøgskulen i Noreg etter elevtal. Nordhordland folkehøgskule vart skipa i 1914 og er eigd av Nordhordland indremisjon. Utanom skuleåret driv Nordhordland folkehøgskule med catering, kurs og utleige av lokale.
Skulen har symjehall, idrettshall, sandvollyballbane, fotballbane og turløyper i terrenget omkring skuleområdet. Alle linjefaga drar på ein tur til utlandet i løpet av skuleåret. I tillegg tilbyr skulen ein studietur på 3 veker til Israel for alle elevane.
Linjefag ved skulen i 2015:[endre | endre wikiteksten]
- Dans
- eXercise
- Fotball
- FotoGlobal
- Global Active
- Global Care
- Global eXtreme
- Global Helse
- Mission Global
- Musikal
- Musikk
- Sport & Outdoor
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Nordhordland folkehøgskule - Om skolen». folkehøgskole.no. Henta 7. juni 2015.