Hopp til innhald

Nordhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordhorn
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Niedersachsen
Landkreis Bentheim
Høgd 23 m
Areal 149,87 km²
Folketal 55 619 (31. desember 2023)
Først nemnd i om lag 900
Postnummer 48527-48531
Retningsnummer 05921
Bilnummer NOH
Kart
Nordhorn
52°26′00″N 7°04′00″E / 52.433333333333°N 7.0666666666667°E / 52.433333333333; 7.0666666666667
Wikimedia Commons: Nordhorn

Nordhorn er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Vechte ved grensa til Nederland og den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen og er administrasjonsstad i landkreisen Bentheim. Nabobyane til Nordhorn er Enschede, om lag 25 km sørvest i Nederland, Münster, om lag 75 km søraust, og Osnabrück, om lag 85 km til aust.

Den første skriftlege kjelda om Nordhorn, då kjend som Northhornon, var i dokumenta til Werden kloster frå om lag år 900.

Nordhorn i 2005.
Foto: Heribert Duling (Famduling)

Seint på 1100-talet hadde Nordhorn vorte eit handelssenter langs den flamske handelsruta, og handla med den lokale sandsteinen. Over tusen skip segla til Nordhorn kvart år på elva Vechte, og førte stein til Amsterdam og andre byar i Nederland. I 1379 vart busetnaden rik nok til at han fekk fulle byrettar av greven av Bentheim.

I 1839 vart det første veveriet oppretta av Willem Stroink, og andre entreprenørar fylgde snart etter. Tekstilindustrien førte til rask vekst i byen på byrjinga av 1900-talet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Nordhorn