Nordstrand stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°51′48.91″N 10°47′7.51″E

Nordstrand stasjon
Nordstrand stasjon.JPG
Nordstrand stasjon i 2009
Foto: Jan-Tore Egge
Stasjonsområde
Stad Nordstrand i Oslo
Distanse 5,95 km. frå Oslo Sentralstasjon[1]
Høgd 39,8[1] moh.
Opna 31. mai 1880[2]
Arkitekt Paul Due (1895)
Linjer og rutedrift
Linje(r) Østfoldbanen
Operatør(ar) NSB
Overgang

Nordstrand stasjon er ein jarnbanestasjonØstfoldbanenNordstrand i Oslo. Han opna som haldeplass i 1880, rundt 1891 blei han oppgradert til stoppestad og rundt 1900 fekk han status som stasjon. Frå 1970 har Nordstrand status som haldeplass att. Nordstrand er stoppestad på NSB sitt lokaltog L2 mellom Stabekk og Ski. Frå Nordstrand stasjon til Oslo S er det 5,95 km.

Gamalt postkort frå Nordstrand stasjon.
Foto: J.H Küenholdt A/S / Nasjonalbiblioteket

Stasjonsbygninga er frå 1895 og er teikna av Paul Due.[3]

Stasjonen var åstad for Nordstrand-ulukka 3. oktober 1993 da eit skiftelokomotiv med bremsesvikt raste nedover linja frå Rosenholm haldeplass inntil det kolliderte med eit lokaltog. Fem passasjerar omkom i ulukka.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Nordstrand». Bane NOR. Henta 26. september 2017. 
  2. «Nordstrand». Stasjonsdatabasen (STDB) / Norsk Jernbaneklubb. Henta 26. september 2017. 
  3. Knut Are Tvedt, red. (2010). «Nordstrand stasjon». Oslo byleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 394. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  4. Snorre Sklet (2008). «Storulykker i Norge de siste 20 årene» (PDF). Sikkerhetsdagene Midt-Norge. Arkivert frå originalen (PDF) 2008-02-27. Henta 26. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nordstrand stasjon