Paul Due

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Due
Paul Due.jpg
Fødd 13. august 1835
Kristiansand
Død

26. februar 1919
Christiania

Paul Due på Commons

Paul Due (13. august 183526. februar 1919) var ein norsk arkitekt, fødd i Kristiansand og død i Kristiania (Oslo). Han tok utdanning i ingeniørvitskap hjå Hannovers Polytechnikum i åra 1852–1856, og var i USA dei fyrste åra etterpå, der han mellom anna arbeidde for militærmakta for Sørstatane under borgarkrigen. Han kom attende til Noreg i 1865, og teikna 23 bygningar i Drammen etter ein storbrann i byen i 1866.

Kornsjø stasjonØstfoldbanen, teikna av Paul Due, er ein staseleg og imponerande stasjon rett attmed riksgrensa mot Sverige.

I 1870 tok han til å samarbeide med arkitekt Bernhard Steckmest, og saman skipa dei firmaet Due & Steckmest. Her var det ofte Steckmest som stod for teikninga, medan Due hadde det administrative ansvaret og stod for arbeidet med byggesakene. Mange av dei kjente bygningane som vart reist i Kristiania i denne perioden, var det dei som stod attom. I åra 1891–1910, då samarbeidet med Steckmest var avslutta, arbeidde Paul Due som arkitekt for Noregs statsbaner, og teikna mange av dei stasjonsbygningane som vart reiste i denne perioden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]