Noregs Boklag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Noregs boklag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Noregs Boklag L/L var eit norsk forlag som vart stifta i 1922 som Norsk Målkontor. Føremålet var å spreia nynorsk litteratur gjennom forlagsverksemd. Noregs Boklag utvikla seg til det viktigaste forlaget for nynorsk skjønnlitteratur, og blant forlagets mest kjende forfattarar kan nemnast Tor Jonsson, Jan Magnus Bruheim, Olav H. Hauge, Helge Torvund og Knut Ødegård. Ødegård var òg forlagssjef i perioden 1974-77.

Noregs Boklag vart teke over av Det Norske Samlaget i 1985.

Forlagssjefar[endre | endre wikiteksten]

197577Knut Ødegård

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.